Elevar som blir mobba og som skulkar skulen, må sleppe fråvær og nedsett ordenskarakter, meiner Høgres Terje Bratland og Tore Sveum i Stopp mobbingen.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

I eit forslag til Kunnskapsdepartementet skriv dei to at mobbingen fort blir ei dobbel belasting når offeret blir straffa for fråvær som følgjer av mobbinga, skriv Nettavisen.

LES OGSÅ: – Elevar må ha minst like godt rettsvern som arbeidstakarar

– Som mobbeoffer blir du dobbelt straffa. I tillegg til mobbinga får mange nedsett ordenskarakter på grunn av fråvær etter mobbinga. Eg kom ikkje inn på vidaregåande på grunn av for mykje fråvær på ungdomsskulen. Årsaka til fråværet var mobbing, seier Høgre-mann og samfunnsdebattant Terje Bratland til avisa.

Bratland og Sveum har jobba for å stoppe mobbing i skulen i ei årrekkje. Dei meiner det er viktig at elevar som blir mobba og som difor kjem på etterskot med skulearbeidet, ikkje må hamne i spesialklassar.

– Elevane bør inkluderast i ordinær undervisning og få tilbod om ekstra undervisning for å ta att det tapte, skriv dei i forslaget.

Dei vil også straffe dei grovaste tilfella av mobbing ved å flytte mobbaren til ein annan skule, dersom ingenting anna fungerer. Dei foreslår også utplassering hjå veldedige organisasjonar som ei form for samfunnsstraff. (©NPK)

LES OGSÅ: Meir angst med digital mobbing

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE