Internett er ikkje fritt for landegrenser. Det vil Europakommisjonen gjera noko med, og jobbar for å fjerna «geoblocking».

Først av alt – «geoblocking» er sperren som hindrar til dømes norske nettbrukarar i å sjå diverse program og innslag frå amerikanske TV-program, fordi «the uploader has not made this video available in your country».

Ei kjelde til irritasjon for mange, og ei sterk prinsippsak om openheit på Internett for andre, som til dømes Europakommisjonen. Det kjem som ein del av EU sin nye strategi for ein digital indre marknad,skriv Europabevegelsen.no

LES OGSÅ: Skreddarsydd Internett

– Folk skal kunne kryssa grensene fritt når dei er på nettet, på same måte som dei kryssar fysiske landegrenser, sa Andrus Ansip, nestformann i Kommisjonen, under presentasjonen av den nye strategien.

Ikkje alle er like optimistiske til forslaget. Mellom anna er det frykt for at filmøkonomien skal lida hardt av at «geoblocking» blir fjerna. Det er frykten for mindre distribusjonsrettar og finansieringsmoglegheiter som er gjeldande.

– Ein digital indre marknad vil oppheva grensene, det vil hola ut utnyttingsmoglegheitene i kvart enkelt land, og kan slå bunnen ut av ein allereie skrøpeleg filmøkonomi, seier direktør for Nordisk Film Distribution, Kenneth Wiberg.

LES OGSÅ: Digital motvilje

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

ANNONSE