Digital motvilje

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein kronikk i Dagbladet skriv forfattar Sunniva Relling Berg at mesteparten av forfattarane ho har snakka med er avventande haldning til digital utvikling. Det er det fleire grunnar til.

– Det første som kom fram var det økonomiske. Dei var redde for å tena mindre pengar, mykje grunna innkjøpsordninga og andre stipendordningar som legg opp til papirbøker. Dessutan meinte fleire av forfattarane at det var ein uryddig økonomisk situasjon, og at dei var redde for piratkopiering, seier Berg.

Forfattarintervjua har ho gjort  i samband med masteroppgåva si om digitalisering av, der ho snakkamed fleire forfattarar i Noreg om deira haldningar til e-bøker.

LES OGSÅ: Viljen til digital publisering

Høgare status
Ifølgje Berg trumfar papiret skjermen på fleire måtar.

– Det er også veldig tydeleg at forfattarane ser på papirboka som eit flott medium som ein kan ta med på stranda og mista i golvet. Ein ønskjer å bli utgitt på papir, for det har meir status. Det er mellom anna fordi det kjennest meir utplukka, og det har blitt brukt pengar på trykkinga.

Ragnfrid Trohaug i Samlaget har merka seg det same – det er framleis noko spesielt med papiret.

– Noko av det første ein gjer når ein får ei ny bok frå trykken er å lukta på ho. Me har eit sterkt forhold til papirboka, men eg er ikkje einig i at ei digital utgåve er dårlegare. Eg har fleire døme på digitale bildebøker der du får ein flott 3D-effekt, men på papir har mykje av fargen forsvunne, fortel Trohaug.

Samlaget har satsa mykje på digitale utgåver av bøker, og spesielt digitale barnebøker med illustrasjonar, animasjon og lyd. I juni i fjor var dei det forlaget med klart flest slike bøker i landet. For Samlaget, som gir ut bøker på nynorsk, er denne satsinga ekstra viktig.

– Me tenkjer at dersom ikkje me lagar digitalt innhald på nynorsk, så finst det ikkje digitalt innhald på nynorsk. For oss har det difor vore ekstra viktig å vera digitale.

LES OGSÅ: Digital storsatsing i Samlaget

Ingen tek ansvar
Trohaug i Samlaget trur me vil sjå mykje meir digitalisering av bøker i nær framtid. Mykje fordi innkjøpsordninga også gjelder e-bøker frå januar i år.

– Me går inn i ein fase med mykje prøving og feiling. Det vil absolutt koma ein oppsving i tida framover. Det er insentiv både for forlaget og forfattarar til å levera også digitalt.

Men overgangen har gått tregt. Sunniva Relling Berg trur det kan vera snakk om ansvarsfråskriving.

– I så fall er det nok fordi det er skummelt å gå først. Det er vanskeleg å vita om ein kan tena pengar og kva som vil lukkast. Det er tryggheit i papirboka, slik har det vore lenge.

LES OGSÅ: Aukar talet på nynorske lettlesbøker

Det fungerer i USA
Noreg er ikkje eit land som pleier å vera langt bakpå når det handlar om å hoppa inn i den digitale alderen. Når det kjem til musikk, har me nesten klart å utrydda ulovleg nedlasting på dei siste fem åra.

– Me ser i alle fall at nordmenn er villige til å betala. Storkonsumentane av musikk tykkjer det er svært billig med 99 kroner per månad for musikktilgang både heime og på farta, til dømes samanlikna med prisen på ein CD, sa Kristin Eldnes, kommunikasjonssjef i straumetenesta Wimp til dei tala.

Men når det kjem til bøker, ligg me langt bak USA. Sunniva Relling Berg har ein teori om kvifor det er slik.

– Med Amazon på bana har forlaga i USA vore nøydd til å ta digitale steg. Forlagsbransjen i Noreg er mindre, og nærare knytt til marknaden og forfattarane.

LES OGSÅ: Bildøen kjem ut på engelsk

Men papiret døyr ikkje
Når ein snakkar om digitalisering av musikkbransjen, betyr det som oftast at det fysiske formatet forsvinn når det digitale byrjar å dominera. Slik trur verken Berg eller Trohaug at det vil bli med boka.

– Eg trur ikkje papirboka er trua av e-boka på ei god stund, og det treng den heller ikkje å vera. Undersøkingar viser at 40 prosent av lesarane er hybrid-lesarar, dei les altså både digitalt og på papir. Denne andelen vil auka, spesielt med gode løysingar på e-bøkene, seier Sunniva Relling Berg.

Ragnfrid Trohaug er like klar.

– Eg tenkjer det er viktig å vita at dette er både òg, ikkje enten-eller. Og eg trur ikkje me kjem dit på lang tid.

LES OGSÅ: Etterlyser den nynorske litteraturhistoria