Vil ha betalingsmur hjå nrk.no

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– NRKs kjerneverksemd skal vere radio og TV. Nettverksemd utover profilering av radio- og TV-stoffet må NRK ta seg betalt for, på lik linje med andre medium, seier Løvaas (H) til Aftenposten. Ifølgje avisa støttar stortingsgruppene i Høgre og Frp forslaget.

Løvaas meiner at brukarbetaling kan innførast ved at dei som allereie betaler lisens, kan betale ei ekstraavgift.

Løvaas, som tidlegare har jobba som journalist og programleiar i P4, seier at ein allmennkringkastar ikkje kan bruke dei økonomiske musklane sine til å gjere livet surt for andre medieaktørar.

LES OGSÅ: – Revolusjon om NRK slepp innhaldet fritt

Ikkje sunt for mangfaldet
– I dag er NRK meir ei blokkering enn eit supplement på nett. Vi vil at tradisjonell kringkasting skal vere grunntilbodet frå NRK.

Han er ikkje imponert over rapportane som hevdar NRK ikkje truar andre medium på nett.

– Om nokon leverer gratis det som andre må ta betalt for, så treng ein ikkje vere økonomisk utdanna for å forstå kva som skjer. 70 prosent av mediehusa opplever NRK som ein konkurrent. 9 av 10 meiner NRK vanskeleggjer nettsatsinga deira. I dag jobbar ein av fire norske journalistar i NRK. Det er ei utvikling som akselererer. Kvar er vi om få år? 2 av 4? Dette er ikkje sunt for mediemangfaldet. Det trur eg dei fleste innser, seier han.

– Sterk svekking
Tidlegare har både TV 2, Schibsted, Amedia og VG gjort det klart at dei meiner NRK skal avgrense seg meir til produksjon av lyd og bilde, og ikkje konkurrere i nettavismarknaden.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen seier til avisa at forslaget vil innebere ei sterk svekking av posisjonen til NRK og tilbodet til publikum.

– Samtidig vil det gripe inn i det redaksjonelle sjølvstendet. Journalistikk og innhald går i dag føre seg på alle plattformer. Skal styresmaktene kategorisere tilbodet? Skal lange TV-innslag sendast på TV og korte innslag på nett? Det er ikkje mogleg, seier han.

LES OGSÅ: Krev meir norsk musikk i NRK

Kulturminister Thorhild Widvey skriv i ein kommentar på Twitter at forslaget ikkje er handsama i regjeringa eller Høgre si stortingsgruppe.