Éin av ti har vore snøblinde

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I påska skjer det igjen: Mange får smerter i auga, tårer som renn og kjensla av å ha sand i auga.

Ti prosent oppgjev å ha vore snøblinde, ytterlegare 15 prosent trur dei kan ha vore det, men er usikre. Det viser ei spørjeundersøking som YouGov har gjort for Norges Optikerforbund.

– Det betyr at meir enn 500.000 nordmenn har erfart kor vondt det kan vera å verta snøblind, sjølv om det ikkje alltid er lett å fastslå tilstanden sikkert. Snøblindheit kan ha ulik alvorligheitsgrad. Tala tyder på at det er mange som lid i stille etterpå utan å oppsøkja hjelp, seier generalsekretær Hans Torvald Haugo i Norges Optikerforbund.

Symptoma kjem gjerne 6-12 timar etter at du har vore utsett for sterk sol utan å ha verna auga godt nok.

– Det kjennest ut som du har sand eller rusk i auga, utan høve til å få det bort. Tårene renn og det er vondt å sjå i lyse omgivnader. Mange har sterke smerter i augo. Uklart syn, som kan opplevast som dobbeltsyn, er heller ikkje uvanleg, seier Haugo.

Han veit kva han snakkar om. Optikarane sin fremste representant har sjølv fått erfara kor vondt det er ikkje å følgja gode råd. Ein skitur nær Hallingskarvet i gnistrande solskin sette spora sine.

– Som ung var eg ikkje glad i å bruka solbriller. Sjølv om faren min masa på solbrillene, gjekk eg ein del utan. Dagen etter merket eg godt at sola hadde gjort skade. Auga rann, var raude og gjorde vondt. Det var akkurat som om eg såg i tåke heile tida. Eg hugsar at eg vart redd for synet mitt, seier Haugo.

Er ein skikkeleg uheldig vil òg symptoma arta seg som sterke muskelsamantrekkingar i og rundt auga.