Adrenalin, strategi og moro

– Dette er det same som politi og røvar i vaksen-versjon, der ein har litt meir spaning i det.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til vanleg er dei 10–12 mennene i 20–30 åra tilsette på COOP, jobbar som elektrikarar, vektarar og alt anna mellom himmel og jord.

Men ein gong inni mellom vert dei plutseleg marinejegerar, spesialsoldatar frå Mossad eller Spetsnaz eller U.S. Marines med eit veldig viktig oppdrag som dei berre må løysa på Hundvin i Lindås. Av alle plassar

Dagens oppdrag er å henta ut eit gissel som sit i andre etasjen i eit hus på Hundvin, godt vakta av russiske soldatar.

Styrken som prøvar å henta ut gisselet er sett saman av soldatar frå heile NATO, men dei vert slått tilbake gong etter gong.

Tapstala er høge. Men etter fem til ti minutt på sidelinja, er dei klare til kamp igjen.

For til trass for at dei har replikauniformar som kan lura dei fleste, og våpen som ser akkurat ut som våpen som vert brukt av mellom anna det norske forsvaret til dagleg, er det berre leik. Eller altså meir som politi og røvar for vaksne, som Daniel Dyngen kallar det heile.

– For oss er dette ein ganske gøy hobby, seier Dyngen entusiastisk.

Han kallar det ein fantastisk aktivitet der dei kan komma seg ut i skogen.

– Her får me samhald, får kjenna på adrenalinet rett og slett, seier han.

Kompisgjengen frå Bergen har vore maks heldige og fått låna ein nedlagt gard på Hundvin på 64 mål som dei kan boltra seg på. Eigaren er Andre Amundsen, som har arva den etter far sin.

– Eg må utnytta det store arealet eg har her til noko fornuftig, seier eigaren sjølv.

Han er med på sitt fyrste airsoft-spel.

– Det verka gøy og sosialt. Du spring rundt i skog og mark og har ein fritidsaktivitet, utan at det er for alvorleg, seier han.

– Skjønar du at folk kan verta skeptiske til å møta folk i uniformer og våpen springande rundt i skogen?

– Eg skjønar at det ikkje er kult å møta på sånt. Difor er det bra at me har eit slikt område, seier han.

Han seier at det med tida vil komma opp skilt på tomta som fortel kva som går føre seg. Det vil og verta sendt ut info til dei næraste naboane, så dei slepp å verta skremt.

Målet er at på sikt skal tomta på Hundvin, som ligg for seg sjølv og har kupert terreng på 64 mål med haugar, skog og eit hus på to etasjar, skal verta eit sentralt område for dei som utøver sporten. I Bergensområdet skal det vera rundt 700 som driv med sporten.

Om folk lurar på noko, er det berre til å ta kontakt med dei som driv med sporten.

– Folk som lurer på noko, kan berre komma til oss. Me er opne, seier Dyngen.

Airsoft vart funnen opp i Japan på 1980-talet, og mange airsoftvåpen kopierer originalvåpenet ned til minste detalj. Det som skil airsoft frå paintball er hovudsakeleg at det er lagt vekt på realisme i våpen og utstyr.

Mange kan ha ein del fordommar mot sporten, noko Daniel Dyngen innser.

– Det er dessverre det. Det har dessverre vore nokre episodar der folk har brukt airsoft-våpen, som går ut over ryktet vårt, seier han.

Dei er og strenge på kven dei let vera med. Dei tillèt mellom anna ikkje folk som har høge meiningar om høgreekstremisme å vera med å leika i skogen, seier han.

Dei har og strenge reglar om korleis dei skal gå kledd.

– Me går ikkje til og frå spelet med uniformer. Det er forbundet veldig restriktive med. Det tykker me er heilt perfekt. Me ønsker ikkje å gå rundt i offentlegheita med uniform, seier han.

– Me vil ikkje utgje oss for noko me ikkje er, for det set ryktet vårt i spel, peikar han på.

– Kvifor har de uniformer?

– Det er rett og slett for å få ein skikkeleg replika, seier han.

Poenget deira er at dei prøver å imitera ulike styrker.

– Når folk brukar uniformene er det for å visa at ein høyrer til det og det laget, fortel han.

Difor er karane på Hundvin kledde opp i norske, amerikanske, russiske og israelske uniformer.

Russiske spesialstyrker på Hundvin vil verta eit meir vanleg syn etterkvart, om alt går som planlagt.

– Er nokre av dykk i forsvaret?

– Nokon av oss er tidlegare forsvarspersonell, svarar han kryptisk.

Men han slår ned på all krigsmetafor.

– Me forbind ikkje dette med krigføring. Dette er eit rollespel, som politi og røvar. Det kan samanliknast meir med paintball. Det er kjempegøy og eit adrenalinrush, seier han.

Forsvaret på si side, er meir skeptiske til uniformsbruken.

– Det er ikkje lov å bruka den norske uniforma med norsk flagg til denne typen leik, seier oberstløytnant Eystein Kvarving, pressetalsmann for forsvarssjefen til avisa Nordhordland.

– Uniforma er eit symbol på at ein er soldat i det norske forsvaret og er i teneste, peikar han på.

Nøkkelen her er om det norske flagget er på uniforma eller ikkje. Har du kampmønster og det norske flagget, er du definert som soldat i samsvar til Genevekonvensjonen.

– Norske militæruniformer skal berre brukast når ein er i teneste i det norske forsvaret og ikkje i andre samanhengar, held Kvarving fram.

Det er nokre få unntak i sivile samanhengar.

– Til dømes i gravferder og bryllaup og andre samanhengar der det er naturleg å bruka uniform er det greitt, sluttar han.

Les saka i Nordhordland!