Med svartebok klar for Inferno

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han vel å la boka «Nyanser av svart» vere nerdete – og ikkje sexy, og skriv om dei musikalske gjerningane til utøvarane gjennom å la dei sjølv komme til orde om korleis alt starta – og ikkje vie boksidene til deira eventuelle ugjerningar, som kyrkjebrannane og drapa som følgde seinare.

– Då ville det blitt meir krim, og den boka har eg lest mange gonger tidlegare, fastslår musikkjournalisten i Aftenposten, som i fortida si som Turboneger-vokalist delte øvingslokale med sjølvaste Mayhem.

Ikkje vonde nok
Som Fossberg fastslår i kapittelet om Mayhem, som har undertittelen «totalt jævla Armageddon»: – Utan Mayhem, ingen norsk black metal slik vi kjenner han. Dette er bandet der medlemmer tok sitt eige liv – eller blei drepne.

I staden møter vi bandmedlemmer som fortel om oppstarten, tidvis svært fornøyeleg. Som når trommeslager Torben Grue fortel at han sleit med «å sjå særleg vond ut» på bandbileta, noko som gjorde at no avdøde Øystein «Euronymous» Aarseth og Jørn Stubberud blei «sure». Eller at Kiss gjerne var ein fellesnemnar for det første møtet med det svarte og harde for unggutane.

Harald Fossberg seier til NTB at han elskar oral history-tradisjonen, som han synest fører historiene nærmare.

– Det er betre at folk som var der, snakkar om korleis dei opplevde det, og formidlar sine inntrykk. Det er fint lite stillingtagen i boka mi, seier han klart frå.

– Kva overraska deg mest, som du ikkje visste?

– At så mange hadde velvillige og forståingsfulle foreldre som stilte opp.

LES OGSÅ: – Eit hån mot dei truande

Beina i ursuppa
Fossberg fekk eit solid knippe black metal-musikarar til å mimre om sin undergrunnsoppstart. Saman blei dei til eitt av dei mest seigliva fenomena som har komme ut av Noreg, ein eigen musikalsk sjanger som ifølgje forfattaren blei banebrytande fordi ingen andre hadde tenkt på å vere så grimme og kjipe i lyden.

Tre av dei største er på plass. Forutan Mayhem er det Darkthrone og Enslaved, som har gått kvar sin veg: Medan Enslaved er multi-Spellemannsprisa og vender heim for å vere med på Infernofestivalen i påska, vel Darkthrone å halde fana høgt, men djupt nede i undergrunnen.

Fossberg femnar vidare, frå Snorre Ruch i Thorns og hans unike gitarspelestil som er eitt av tre bein i black metalens «ursuppe», til Ulver, Kjetil «Frost» Haraldstad, Bård Eithun og Anders Odden. Han rakk ikkje å få med blant andre Dimmu Borgir på grunn av tidsfrist, medan andre sa blankt nei, som Varg Vikernes.

LES OGSÅ: Musikkens magi

Kassettar i brev
Til gjengjeld byr boka på viktige folk i miljøet, som blant andre Jon «Metalion» Kristiansen som laga fanzine-bibelen (!) Slayer Mag, og ei sterk skildring av korleis det heile starta: Med svartmetallkassettar distribuert gjennom gode, gammaldagse brev, med frimerke dei gjerne brukte om igjen.

– Det var dåtidas primitive nett. Dei sende kassettar ut i verda, og fekk demoar frå andre i retur. Bård Eithun seier han var årsaka til at Samvirkelaget på Kvikne førte tomkassettar, seier Fossberg, som også viar eit eige kapittel til korleis metalmiljøet samla seg i Helvete:

Nærmare bestemt platebutikken som Euronymous opna i Oslo, og som blei den første og einaste samlingsstaden for miljøet. I dag held Neseblod Records til i lokala.

LES OGSÅ: – Styr unna denne mannen

Inferno-klar
På Infernofestivalen på skjærtorsdag skal Harald Fossberg snakke nettopp om Helvetes betydning – som han seier var uvurderleg. Veka etter Inferno står Roadburn-festivalen i Nederland for tur. Der skal forfattaren halde foredrag om norsk black metal i selskap med Ivar Bjørnson og Grutle Kjellson i Enslaved.

Og kanskje blir «Nyanser av svart» etter kvart å lese på engelsk: Fossberg seier forlaget «snakkar om det».

– Vil black metal overleve Grand Prix-deltaking og stadig aukande folkelegheit?

– Black metal overlevde hetsen og stempelet som samfunnsfiende nummer éin på 90-talet, då svartmetallarar var Noregs svar på ISIL, så han overlever nok alt anna også.

Faktaboks

Fakta: «Nyanser av svart»

* Bok om black metalens historie i Noreg av Harald Fossberg, med fotografi av Paal Audestad.
* Kjem ut på Cappelen Damm.
* Vert sleppt i samband med Infernofestivalen i Oslo i påska.

Fakta: Infernofestivalen

* www.infernofestival.net.
* Årleg metalfestival og konferanse, med vekt på ekstremmetall.
* Vert i år arrangert 1. til 4. april, på ulike klubbscener og på Rockefeller.
* 15-årsjubileum i år.
* Byr på band som Enslaved, Behemoth, Arcturus, 1349, My Dying Bride, Kampfar, Execration, Dødheimsgard, Bloodbath, Skeletonwitch.
* Kan for første gong følgjast på nett, med betal-strøyming frå nokre av konsertane. (©NPK)