Musikkens magi

Britt Mari Engeskar
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Musikk representerer alle dei forskjellige menneska i verda. Kvar einaste song er unik, på lik linje som kvar enkelt person. Menneske som likar lik musikk deler noko. Ei tilhøyrsle. Om det berre er til éin song, éin artist eller eitt band.

Det er mange som har lurt på kvifor eg har blitt slik eg har blitt. Med dei svarte kleda, piercingane, tatoveringen og håret. Musikken forandra meg. Ga meg mot. Då eg var liten høyrte eg på det «alle andre» rundt meg høyrte på. Pappa var veldig flink til å setja på musikk på anlegget slik at eg og litlesystera mi kunne dansa rundt på stovegolvet, hoppande og smilande. Det gjekk mykje i Rednex og Captain Jack i periodar hugsar eg. Då eg var tretten kom det ein periode i livet der eg følte eg hadde mykje motgang. Me var, slik me gjer kvart år – i Volda hjå besta og resten av slekta. Eg hugsar at eg kjøpte mi fyrste plate nokon gong. Rammstein sitt «Rosenrot»-album hadde nettopp kome ut. Albumcoveret var blått, med ein båt som hadde kantra på isen. Eg kjøpte albumet fordi platecoveret var litt kult, og eg ville sjå kva dette her var for noko. Rammstein, kven var dei?

Eg hugsar fyrste gongen eg høyrte den plata. Eg hugsar alt ved den dagen. Vèret ute og lukta inne. Eg hugsar alle desse tinga, fordi den dagen vart eg hovudstups forelska. Eg falt ikkje berre inn i armane til Rammstein, men også til musikksjangeren metall.

Eg høyrte plata over og over. Eg fekk ikkje nok. For å gjere ei lang historie litt kortare enda det med at eg kjøpte dei fleste platene til Rammstein. Eg byrja å kle meg i svart for å uttrykkja ei tilhørsle. Mange trur det var fordi eg var deprimert og litt på villspor. Men nei. Eg ville uttrykkja ei tilhørsle. Mange gonger hadde eg sett desse folka med anten hanekam, langt svart hår og naglebelte. Eg ville vera ein del av det. Som mange andre (og dette høyrest ut som ein klisjé) følte eg at eg ikkje passa inn med alle andre. Eg ville vera annleis. Ikkje på grunn av kleda eller musikken. Det hadde ingenting å gjera med det. Eg ville passa inn i det miljøet eg ønskte sjølv.

Som alle andre ting i livet, forandra både musikksmaken min seg og eg forandra meg på innsida òg. På ein måte var ungdomsskulen ein periode i livet mitt der eg såg på ting som veldig vanskelege og eg prøvde konstant å finna ut kven eg eigentleg var og kva eg stod for. Eg hugsar at dei fleste reagerte kraftig på at eg forandra meg såpass drastisk og så fort. Til å vera ei jente med halvlangt blondt hår, gjekk eg til å farga håret mitt mørkelilla og gå i svarte klede. Eg forstår det no, det gjer eg verkeleg. Folk vart bekymra, og det forstår eg. Eg følte meg til tider uglesett av dei andre rundt meg, men eg haldt meg til det som var viktig for meg og stenga resten av verda ute. Ingen person i heile verda har vore der for meg så mykje som musikken. Eg meiner ikkje at eg ikkje har fantastiske personar rundt meg i livet mitt, for tru meg – det har eg. Og det er noko eg set pris på. Men kva om ein ikkje orkar å ta opp telefonrøyret og ringja til nokon viss ting er litt tungt? Då er det berre å setja musikken på full guffe og drøyma seg vekk til ein annan stad.

Etter Rammstein kom det mange andre band. Dei «gamle» klassikarane som eigentleg aldri vert gamle – Iron Maiden, Black Sabbath, Led Zeppelin. Men eg trengte meir. Eg trengte hardare. Så kom eg borti det britiske black metal bandet Venom. Frå Venom gjekk eg over til typiske norske black metal band – Burzum, Gorgoroth, Taake osv. Der vart eg endeleg nøgd.

Eg mislikar at folk kjem med påstandar at «visse metallsongar får ungdommar til å drepa seg sjølv.» Sjølv om ein eller fleire ungdommar har valt å enda livet, vert det så uhorveleg feil å setja dette i samanheng med at vedkommande høyrte på eit metallband, som visstnok lagar så depressiv musikk at ein berre vil ta livet sitt. Musikken har redda fleire enn den har drepe. Og det gjeld ikkje berre metall, men all musikk. Musikk er nemleg noko som er der for deg uansett kva. Om det berre er tappinga av dråpar på vindauget eller raslinga av avispapir. Musikken har redda meg mange gonger. Og eg trur Billy Joel har rett – musikk har ein lækjande effekt. Ein song får deg til å føla deg trist, ein sint, ein gira og ein glad. Det er det som er så utroleg magisk med musikk.

Musikk uttrykkjer alt som er menneskeleg. Og at det er menneske som har satt dette saman og uttrykkjar det fleire føler, gjer slik at musikk er noko me alle elskar. For min del fann eg dette i metall som er ein relativt brei sjanger, men mest innanfor black metal. Ikkje fordi tekstane er så fine, eller at vokalistane syng så fint. For det er ikkje black metal i det heile. Det er sjølve energien i songen. Det er den som gir meg noko. Det er perfeksjonen i trommene og den fantastisk flotte skrikinga. Og set ein seg litt lenger inn i det, spesielt i tekstane til visse band, ein få med seg songar om norrøne soger. Slike ting fascinerer meg, det er også ein av grunnane til at eg elskar musikken. Eg har blitt kalla satanist fleire gonger, så ikkje våg å trekk den linja. Du er ikkje satanist berre fordi ein høyrer på black metal. Då kan du ikkje 90-tals norsk historie godt nok.

Eg gjekk verkeleg så langt at eg tatoverte meg for å heidra musikken eg elskar. I mai 2010 dro eg til Haugesund og tatoverte meg i nakken. Resultatet kan du sjå over. Mange kalla meg gal. Andre sa eg kom til å angra. Korleis kjem dette til å sjå ut når eg er åtti? Men veit du? Eg bryr meg verkeleg ikkje om kva andre synst. Det er min måte å uttrykkja at eg elskar noko. Så høgt at eg vil gjera det permanent på kroppen min. Eg bryr meg ikkje om historia om kyrkjebrenningane på 90-talet – berre fordi eg ikkje deler dei verdiane og ikkje støttar dei handlingane som vart utført. Eg vil berre fokusera på musikken. Men klag og kjeft så mykje dykk vil, kall meg kva dykk vil. Eg står fortsatt for det eg har gjort.

Og for å vera heilt ærleg trur eg at eg aldri kjem til å elska ein person så høgt som eg elskar musikken.