Regjeringa har løyvd 750 millionar kroner til humanitærhjelp og utviklingstiltak i Syria og nabolanda.

(NPK):
(NPK):

Nesten fire millionar menneske har flykta frå Syria til nabolanda etter at borgarkrigen braut ut i 2011. Om lag 7,6 millionar har samtidig flykta frå heimen sin til andre delar av landet. Tre firedelar av befolkninga i Syria er avhengige av humanitærhjelp for å få dekt dei mest grunnleggjande behova.

LES OGSÅ: KrFU vil ta imot 5000 ekstra flyktningar

– Verdssamfunnet står overfor den største flyktningkrisa sidan andre verdskrigen med ufattelege humanitære behov. I tillegg truar krigen i Syria stabiliteten i heile regionen, seier utanriksminister Børge Brende (H) i ei pressemelding.

Etter ein givarlandskonferanse i Kuwait tysdag, ber no FN verdssamfunnet om 59 milliardar kroner i humanitærhjelp og støtte til dei nabolanda som er ramma av flyktningkrisa.

Noreg har sidan krigen byrja i 2011, gitt til saman 2,65 milliardar kroner til Syria og nabolanda. (©NPK)

LES OGSÅ: Vestlendingar drepne i heilag krig

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE