Den aktuelle platedebutanten Daniel Kvammen meiner nynorsk i skulen gjer det lettare å halda på dialekten.

Kvammen, som blir lønna med høge terningkast for debutalbumet «Fremad i alle retninga» har fått ekstra mykje merksemd for sangtekstane, og spesielt at alle går på kav halling.

Test deg sjølv: Kan du svalla halling?

I eit intervju med avisa Hallingdølen gir han nynorskopplæringa æra for at han er så bevisst rundt si eiga dialekt.

– Eg byrja å testa ut nynorsk som eit eksperiment. Då oppdaga eg at eg også vart meir bevisst på det munnlege språket, seier Kvammen, som støttar nynorskopplæring i skulen.

– Eg trur at folk frå nynorskkommunane i Hallingdal har lettare for å halda på dialekten, legg han til.

LES OGSÅ: Hot halling på Bylarm

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE