Vil førebygge valdtekter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først i Vikebladet Vestposten.

Det er morosamt å vere russ, men under feiringa kan det også oppstå ting som ikkje er fullt så gøy.

Dei 113 jentene og 82 gutane som i år er russ ved Ulstein vidaregåande skule, møtte torsdag sist veke representantar frå Senter mot incest og seksuelle overgrep Møre og Romsdal (SMISO), Norske kvinners sanitetsforeining og politi og helsesøster. Målet var å gi russen ei tryggare feiring.

Merete B Nerland frå SMISO opna med å presentere prosjektet «Spør meg først», og «Eg tek ansvar» og dei to representantane for NKS Hareid Sanitet, Heidi Wingsternes og Giselle Rocha.

«Spør meg først», og «Eg tek ansvar» er slagord som skal førebyggje og stanse valdtekt under russefeiringa 2015.

Senter mot incest og seksuelle overgrep Møre og Romsdal og Norske Kvinners Sanitetsforeining gjennomfører våren 2015 eit førebyggande og haldningsskapande prosjekt retta mot årets russ i Møre og Romsdal.

– Vi set temaet russ og valdtekt på dagsorden gjennom undervisning, appellar, synleggjering i sosiale media, utdeling av informasjonsmateriell og boxershortsar. Med utlevering av boxershorts til kvar enkel russ med logo «Spør meg først» og « Eg tek ansvar» ynskjer vi å ansvarleggjere, samt at temaet vert integrert i russefeiringa. NKS deler ut goodiebags med informasjonsmateriell, ymse effektar og gåver frå lokale næringsliv, og produkt som er kjøpt inn i høve temaet, forklarte Merete Nerland.

LES OGSÅ: Her feirar russen hardast

Festrelaterte valdtekter
Valdtekt i Norge er eit omfattande samfunnsproblem og 40 % av valdtektene skjer i forbindelse med fest og ungdom. Unge jenter mellom 17 og 25 år har høgst risiko for å bli utsett for valdtekt.

Nerland poengterte kva valdtekt var og kva konsekvensar dette kan få for den personen som utfører valdtekta og også kva konsekvensar det har for den som vert valdteken.

– Festrelaterte valdtekter utgjer den desidert største delen av melde valdtekter i Norge. Om du råkar ut for noko slikt, ta kontakt med legevakt, politi, helsesøster eller SMISO. Om nokon har blitt valdteken, ver ein venn, vis at du trur på personen, ikkje døm og sørg for å skaffe hjelp. Ta vare på kvarandre og vis sexvett, oppmoda Merete Nerland.

– Vi er ikkje motstandarar
Leiar for førebyggande avsnitt i politiet, Pål Inge Olsen opna med å seie at russen ikkje skulle sjå på politiet som motstandarar, men som rettleiarar.

– Samarbeid er viktig og som politiet, er også russen i «uniform». Om ein gjer eit overgrep, får alle skulda. Bruk hovudet og ikkje drikk deg sanselaus: Vert du meldt til politiet kan dette få fylgjer for deg vidare i livet. Overgrep, stort eller lite, eit «Nei» er eit «Nei».

Olsen synte til at ofte kan også andre utkledde som russ kome på arrangement.

– Ser du det, så ring oss. Del det hemmelege med oss slik at vi veit kvar arrangementa går føre seg, gi oss ei liste over bilar, kontaktpersonar og slikt, oppmoda politimannen som vil at russen ved UVS skal hugsast for det positive dei gjer.

– Pass på kvarandre og sei frå. Ikkje teip fast personar og legg ut bilde av dei på Snapchat eller liknande. Rydd opp etter dykk!

Olsen presiserte også at dei aldri må gå frå nokon som er ute av stand til å ta vare på seg sjølv.

– Ring etter hjelp. Vi har ingen å miste, poengterte han.

Han bad også russen om å passe ekstra godt på når dei deler ut russekort til dei små.

– Det er fort gjort å skade nokon, minte han om.

LES OGSÅ: – Her skal det brukast det som brukast må

Smittefare
Helsesyster Hanne Moldskred informerte om risikotida dei er inne i med tanke på sjukdomar og la særleg vekt på hjernehinnebetennelse og klamydia vart teke spesielt fram.

– Når det gjeld hjernehinnebetennelse er det vaksine å få for dei mellom 17 og 19 år og den kostar berre 500 kroner. Den varer i mange år. Tenk framover vidare i livet. Lær om symptoma, unngå å drikke av same flaske og liknande, bad Moldskred.

Klamydia rammar 25.000 kvart år og dei som vert råka mest er ungdom.

For å unngå å verte smitta bør du anten berre ha sex med ein partnar du er sikker på er heilt frisk. Er du ikkje sikker, bruk kondom eller la vere å ha sex i det heile, oppmoda Hanne Moldskred som kunne fortelje at mellom 50–90 prosent ikkje merkar at dei er smitta.

– Det er gratis å teste seg, behandlinga er gratis men du har og plikt til å seie kven som kan ha smitta deg. Det tryggaste er å bruke kondom uansett.

Helsestasjon for ungdom, HFU, er gratis, du kan spørje om det du vil, tipsa helsesystera

Sist, men ikkje minst bad ho russen hugse å ta vare på kvarandre. Gratis kondom vart delt ut til dei som ville ha, men der var mange att i posen. Kanskje det var for flaut?

Russeansvarleg Frida Eliassen vil saman med Heidi Wingsternes og Giselle Rocha stå for utdeling av goodiebags ved ei seinare anledning etter påske.

LES OGSÅ: Dagens russ er for snille