Ragnhild er hestemassør

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Avisa Nordhordland

Det seier Ragnhild Engesæter Kjelby (33) frå Halsvik i Gulen. Ho er i gang med å skapa sin eigen arbeidsplass, der ho skal tilby behandling for hestar.

Lidenskap
Ragnhild har – som mange andre små frøkner – alltid vore glad i det store, trauste dyret. 
– Før eg fekk eigen hest hadde vi ein okse på garden der eg vaks opp, som eg var så glad i. Eg sat på ryggen hans, og brukte mykje tid i lag med den oksen. Så då slaktebilen henta den utan at eg var førebudd, sykla eg etter bilen for å ta avskjed med oksen min, fortel ho. Sidan den oksen har det blitt mange hestar opp gjennom åra. 

– Så fann eg ut at eg gjerne ville arbeida med å behandla dyr, og tok avsluttande eksamen i februar i år. 

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redda verda

Hestemassør
Hausten 2013 fullførte Ragnhild kurset «terapi-laser for hest og hund» og no sist sertifisert hestemassør gjennom Nordisk Heste- og Hundeterapi-skole. 
– Studia går føre seg på skulen på Hamar, i tillegg til ein del nettbasert undervisning. Ein må ha gjennomført ein praksis på minst 100 behandlingar på minst 50 ulike hestar, så det er grundig utført, fortel Ragnhild. 
– Mange trur at dyremassasje er noko nytt og trendy, men det stammar faktisk frå antikkens Hellas, for ca. 3000 år sidan, legg ho til.

Ikkje berre knaing

Vel ute i stallen viser Ragnhild forskjellige teknikkar på hesten sin, Zoria Moria. 
– Eg står ikkje berre og knar, vi har forskjellige grep for dei ulike plagene, seier ho, og fortel at hestane får mykje hard medfart i kvardagen.
– Alt utstyret vi brukar, og korleis vi rir kan påverka hesten negativt, og gje den plager.

LES OGSÅ: Kven eig dette sjølvportrettet?

«Zoria Moria» er ein Frieser på 8 år. Det er tydeleg at ho får god behandling, så mjuk i kroppen som ho er. Foto: Sigrun Haugsdal Reknes

Permisjonstid
Ragnhild er for tida heime i permisjon med minstejenta, Lill Helen. Til saman har ho fire born, og dei tre yngste er ofte med i stallen. 
– Dei er nesten oppvaksen i stallen, ler Ragnhild, som har lyst å studera vidare. 
– Eg vil fullføra heile studiet, slik at eg vert fullverdig hesteterapeut. Men nett no er det ungane som er førsteprioritet, så no tek eg meg nokre års pause, seier ho. 
På grunn av permisjonsreg-lane er det begrensa kor mykje ho får lov å arbeida enno, men frå sommaren reknar ho med å komma skikkeleg i gang.
– Men enn så lenge får eg ha nokre arbeidstimar i veka, i tillegg til at eg førebur meg med heimeside og så vidare.

Mange planar
Hos Ragnhild er det alltid mykje som skjer. Med to små under to år, ein niåring og ein tenåring, tre hestar og delvis nokre hundar er det klart at dagane går i eitt. 
– Det er slik eg vil ha det. Eg vil studera meir, og få endå meir kunnskap om hesten sin anatomi. Det å ha hest som arbeid er ein draum eg har hatt lenge. Hestane er min terapi, dei held meg gåande, seier den hesteglade kvinna.

LES OGSÅ: Ørn mobba av kråke