Påskesol kan vere like sterk som sommarsol

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjellet i Sør-Noreg kan sola i påska bli like intens som sola på Sørlandet i starten av juni, opplyser Kreftforeningen. Refleksjon frå snø kan auke UV-nivået med opp til 50 prosent.

LES OGSÅ: Flest blir solbrende når dei ikkje solar seg

Skal du sørover på solferie, bør du hugse at solstrålane er sterkare jo nærmare ekvator du er. Brukar du påska til å få båten på vatnet, bør du dessutan hugse at refleksar frå bølgjer og sjøsprøyt gjer at UV-strålane blir meir intense enn på land.

Over halvparten av nordmenn oppgir at dei blir solbrende kvart år. Noreg er blant dei landa i verda som har høgast førekomst av føflekkreft.

Dette er ei kreftform som vi veit korleis vi kan førebyggje, seier generalsekretær Anne Lise Ryel i Kreftforeningen.

– Det handlar ikkje om at vi skal unngå sola heilt, men hugse å ta nokre pausar frå dei sterkaste solstrålane og å vere rause med solkremen. Dette rådet gjeld folk i alle aldrar, for huda gløymer ikkje solskadar, dei vert samla opp og kan på sikt føre til hudkreft, seier ho. (©NPK)

LES OGSÅ: Mykje UV-stråling på fjellet