Mykje UV-stråling på fjellet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så sterk er sola i fjellet

Påskesola kan bli sterk på fjellet i år. Ved skyfri himmel og nysnø kan UV-indeks i fjellheimen kome opp i over 5 og det betyr at sola er sterk.

Dei som tek ferie i låglandet vil oppleve ei svak sol med UV-verdiar på om lag 2, som kan auke til 3 ved skyfri himmel og nysnø.

På fjellet vil UV-nivået vere moderat, med moglegheit for sterk UV ved gode sol- og snøforhold. Fjellsola har ein forventa styrke på 4 som kan stige til over 5. Nord-Noreg og Svalbard vil ha svært låg UV med forventa styrke på 1, opptil 2 ved godt vêr, opplyser Statens strålevern.

Ozonlaget påverkar
I tillegg til vær- og snøforhold vil tjukkleiken på ozonlaget påverke UV-indeksen. Variasjonane i ozonlaget, og dermed UV-intensiteten, kan vere store frå dag til dag. Det er for tida låge ozonverdiar over heile Sør-Noreg med UV-verdiar om lag 20 prosent over normalen. Dette ser ut til å normalisere seg til helga. For første del av påsken ser det ut til å bli normale ozonverdiar for årstida. Men ozonmengda kan endre seg gjennom påska, og blir det låge ozonverdiar kan det gi ein UV-indeks opp mot 5 i høgfjellet i Sør-Noreg. Dette er like intens solstråling som på Sørlandet i starten av juni.

Det kan vere smart å følgje med på UV-varselet, dersom du skal på fjelltur i snødekte område. Dess høgare UV, dess meir behov for solkrem og solbriller.

Reflekterer langt
Kombinasjonen av sol og snø gir større risiko for solforbrenning og snøblinde. Refleksjon frå nysnø kan auke UV-nivået med opptil 80 prosent. Mange trur at det berre er snøen rett framfor skituppene som reflekterer UV-strålane, men faktum er at snøen kan bidra til å spreie strålane i større omkrets. Stader som ligg fleire kilometer unna fjellet kan ha sterkare solstråling, sjølv om det ikkje er snø der. Ein skigåar vert eksponert for meir UV enn personar som sit og solar seg. Vassoverflater kan også spreie og reflektere UV-stråling.

Det er ikkje berre her i landet at vi på vere observante i forhold til UV-stråling. I påska er det til dømes forventa sterk til svært sterk UV i Alpane og i Spania (7-8). Thailand har ekstremt sterk UV på denne tida av året (13+).

Sol og helse
UV-stråler kan medføre skader som solbrentheit, nedsett immunforsvar, hudkreft og utvikling av augesjukdommen grå stær. I tillegg kan det føre til snøblinde og raskare aldring av huda. (©NPK)