Frp: Fjernar ikkje momsfritak på elbil før 2017

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elbilar held på momsfritak

– Vi har sagt at elbilfordelane skal liggje fast ut 2017. Det vi ser på no, er kva vi gjer etter 2017, både når det gjeld eingongsavgifta, momsfritaket og dei andre fordelane, seier Hans Andreas Limi, avgiftspolitisk talsmann for Frp på Stortinget til Finansavisen.

LES OGSÅ: Halvparten irriterer seg over elbil-fordelar

I revidert nasjonalbudsjett skal bilavgiftene, medrekna elbilfordelane, vurderast på nytt. Men medan det har vore spekulert på om regjeringa legg opp til endringar allereie neste år, vert dette tilbakevist av Frps Limi.

Limi seier regjeringa ikkje ser på tidspunktet for når elbilsalet når 50.000, slik Stortingets klimaforlik hadde som føresetnad. Allereie i første halvår i år, er 50.000 selde elbilar innan rekkevidde.

– Det er 2017 som gjeld. Det står tydeleg i regjeringsplattforma, seier Limi.

I eit debattinnlegg i Finansavisen måndag peiker han på momsfritaket som ein naturleg stad å starte. (©NPK)

LES OGSÅ: Ingen kjøper like mykje elbil som nordmenn