Ingen kjøper like mykje elbil som nordmenn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar femte nybil elektrisk

Delen på same tid i fjor var på 12,5 prosent, skriv Nationen, med tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV).

LES OGSÅ: Halvparten irriterer seg over elbil-fordelar

– Ingen andre land kan vise til tilsvarande salstal som Noreg. Elbilsalet har dobla seg årleg dei siste tre åra. Det er unikt, seier generalsekretær Christina Bu i Norsk Elbilforening.

Ho åtvarar mot å ta utviklinga for gitt. 1,5 prosent av heile bilparken på 2,5 millionar personbilar er elektrisk.

LES OGSÅ: Elbilparken dobla igjen

– Dersom regjeringa fjernar elbilfordelane for tidleg, vil marknaden kollapse. Vesle Noreg er førebels den største marknaden for elbilar i Europa. Stoppar det opp her, vil bilprodusentane bremse opp teknologiutviklinga av nye elbilar som kan konkurrere med bensin- og dieselbilar, seier Bu.

Ifølgje OFV-tala vart det i 2012 selt 3.950 elbilar. I fjor var salstalet 18.090 elbilar. Hittil i år er det selt 3.227 bilar. Totalt finst det 43.253 elbilar på norske vegar. (©NPK)

LES OGSÅ: Byggjer Noregs råaste elbil