Har du hugsa å stille klokka?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Natt til søndag 29. mars gjekk me over til sommartid – det betyr at klokka skal stillast ein time fram. Det er greitt å hugsa på, sjølv om dei aller fleste mobilar, datamaskiner og liknande gjer det automatisk.

Slik skal det vera fram til søndag 25. oktober, når klokka skal stillast tilbake ein time igjen for vintertida.

LES OGSÅ: Skadeleg for ungdom å stå opp tidleg

Kvifor gjer me det?
Sommartid vart innført i fleire Europa under første verdskrig. Då var grunnen å utnytta dagslyset mest mogleg i den tida ein vanlegvis er våken – mellom anna for å spara energi på oppvarming og lys, ifølgje Justervesenet. Men den første som foreslo sommartida var Benjamin Franklin, så tidleg som i 1784.

I Noreg har me ikkje hatt sommartid så lenge, det vart innført i 1980, men vart praktisert i periodar før det.

Hugseregel
Skal du stilla klokka fram eller tilbake? Ofte er det vanskeleg å hugsa, dette er hugseregelen: Du stiller klokka mot sommaren. Altså framover når det er vår, og bakover på hausten.

LES OGSÅ: I år blir sommaren litt lengre