Sjefsguiden som gløder for lokalkjende guidar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gløder for lokalkjende

Etter snart tjue år som guide for cruiseturistar og andre reisande – og sju år som leiar for Norges Guideforbund, har ho merka eit aukande behov for lokalkjende omvisarar i distrikta.

– Turistane som kjem til Noreg i dag er mykje meir førebudde enn tidlegare og har googla staden dei kjem til. Dei vil vita ting og stiller heilt andre spørsmål og krav til guiden enn før, seier ho.

For Norges Guideforbund er det difor viktig å ha guidar som er utdanna lokalt, og som kjenner lokalhistoria og lokalsamfunnet.

– Det gjer det vesle ekstra, meiner Steinsvik og nemner eit illustrerande døme:

– Det er utruleg kva du kan få spørsmål om. På ein busstur innover mot Geiranger var det ein turist som spurde: Kva gjer dei med kloakken her inne? Då var det godt å kunna vita litt både om septiktankar og andre ting.

LES OGSÅ: Sjå Preikestolen som om du var der sjølv

Rikare oppleving
Ho er ikkje i tvil om at gode, lokalkjende guidar har mykje å seia for opplevinga til utanlandske turistar på noregsbesøk.

– Vi fortel korleis folk har levd her tidlegare, korleis dei lever i dag, korleis det er å leva med rasfare og så vidare. Det er med på å gjera opplevinga deira rikare.

Eit problem i dag er at ein del norske guideformidlarar hyrer inn utanlandske guidar som ofte guidar etter manus, utan kjennskap til lokalsamfunnet. Dette har nokre gonger ført til direkte feilinformasjon. Det blir også fortalt om guidar som ikkje har greidd å følgja med i manuset når bussjåførane må gjera om på køyreturen.

Norges Guideforbund har difor eit sterkt ønske om at det bør stillast krav om å bruka lokale guidar med gode kvalifikasjonar så sant det lèt seg gjera.

Stort behov
Behovet for lokalkjende guidar er spesielt stort om sommaren.

– I dei store cruiseområda greier vi aldri å skaffa nok guidar, seier Steinsvik, som sjølv er busett i Ålesund, men som guidar turar både til i Trollstigen, Geiranger og fleire andre stader i fylket.

Leiaren i Guideforbundet er særleg på jakt etter folk som kan tysk, og oppmodar språkinteresserte lærarar eller andre i lokalsamfunnet til å melda si interesse.

– Du treng ikkje ha mastergrad eller anna formell språkutdanning, men du må kunna snakka arbeidsspråket godt, strekar leiaren i Guideforbundet under. Du må også lika å formidla og halda deg oppdatert om det som skjer i samfunnet.

LES OGSÅ: Ny utdanning i naturguiding

Viktig for distrikta
Steinsvik trur guideverksemd kan gje positive ringverknader for distrikta og seier Guideforbundet kan hjelpa til med opplæring.

– Vi har ein god læreplan for kva som trengst for å bli ein god guide og gjev hjelp til dei som vil arrangera guidekurs.

Sjølv byrja Steinsvik som guide for atten år sidan. Det angrar ho ikkje på.

– Eg har alltid vore interessert i historie. I sjuande klasse sa eg at hadde lyst til å bli arkeolog. Å vera guide er det nærmaste eg kunne koma, seier den entusiastiske formidlaren som guidar på norsk og engelsk.

No er andre språk i ferd med å bli like viktige.

– Det er ikkje lenger berre behov for å guida på engelsk og tysk, men også på italiensk, spansk, fransk og fleire asiatiske språk, seier Steinsvik, som medgjev at det er ei utfordring å skaffa lokalkjende guidar med slike kvalifikasjonar.

Etterlyser sertifisering
I dag kan kven som helst guida i Noreg. Det meiner Norges Guideforbund er problematisk.

– Vi meiner at viss guiden er god, så blir det eit godt reiselivsprodukt. Er guiden dårleg, så hjelper det ikkje om det er aldri så mykje fint du kan sjå på, seier Steinsvik.

For å samordna krava til guiding i Noreg har dei ulike organisasjonane som organiserer by-/region-guidar, natur-guidar, rafting-guidar, fjellførarar og andre nyleg gått saman og danna Guideforum, eit bransjenettverk for guideverksemd.

– Meininga er at vi no skal be styresmaktene stilla krav til sertifiseringsordningar for alle som skal guida, seier Steinsvik.

Ho ser for seg at det kan bli etablert ei oversikt over guidar og bransjar med sertifiseringsordningar. Det vil vera viktig når nye aktørar skal etablera seg med aktivitetar i eit område, meiner ho.

– Viss folk har ei sertifiseringsordning, kan reiselivet gå god for dei, slår leiaren i Guideforbundet fast. (©NPK)

LES OGSÅ: Blackpackers valfartar til Bergen