Sjå Preikestolen som om du var der sjølv
Med Google kan folk over heile verda kjenna på korleis det er å gå langs den stupbratte kanten av Preikestolen og nyta den majestetiske utsikta.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er jo fantastisk eksponering for Lysefjorden og Preikestolen, både i Noreg og internasjonalt, seier Harald Skaarn, produktansvarleg i Google Norge i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Sjå Ørsta frå droneperspektiv
Det var i sommar at Google var på toppen av fjellplatået og laga bilete som no er lagt ut på Google Maps, fortel Stavanger Aftenblad.
– Dette er eit døme på at Preikestolen marknadsfører seg sjølv. Dette er ganske unikt. Vi er i selskap med pyramidane i Egypt, den kinesiske muren og Marchu Pichu, seier Audun Rake i Stiftelsen Preikestolen til avisa.
Han synest det er fantastisk at Google tek Preikestolen med på ei slik eksklusiv liste og er ikkje redd for gratisreklamen det populære fjellplatået no får. (©NPK)
LES OGSÅ: Det skjulte universet i fjordane