– Me er svært skuffa
Ungdomsorganisasjonen Changemaker reagerer på at Noreg held fram med eksport av militært utstyr til ei rekke autoritære regime.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det syner at omsynet til demokrati og menneskerettar ikkje veg tungt når det vert sett opp mot eigennyttige interesser, seier Hanne Sofie Lindahl, leiar i Changemaker, i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Vil stogga norsk våpeneksport
Flau leiar
Torsdag kveld møttest partia i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget for å ferdigbehandla Stortingsmeldinga om norsk våpeneksport, før ho skal diskuterast på Stortinget den 14. april.
Changemaker sine ynskjer om meir innsyn i eksporten, større omsyn til menneskerettssituasjonen i mottakarlanda, og eit parlamentarisk eksportråd vart alle fremma i komiteen.
KrF, Venstre og SV fekk ikkje støtte for sitt forslag om å strama inn regelverket.
Det meiner leiaren i Changemaker er flaut.
LES OGSÅ: 7000 underskrifter mot våpeneksport
– Solidaritetssak
I merknadane frå komiteen ynskte representantane frå Ap, Høgre og Frp å streka under at det er viktig å gje produsentar og kundar av forsvarsmateriell føreseielege forhold, noko Lindahl reagerer på.
– Det er overraskande at ikkje Arbeidarpartiet ynskjer velkommen konkrete tiltak for å støtte demokratiseringsrørsler. Dette er ei openbar solidaritetssak, seier Lindahl, som meiner Ap og Sp har svikta i denne saka.
Changemaker har engasjert seg for ei innskjerping av regelverket for norsk våpeneksport til autoritære regimer og har fått støtte frå alle ungdomspartia.
I pressemeldinga viser ungdomsorganisasjonen til at praksisen heller ikkje har støtte i den norske befolkninga. I ei undersøking gjennomført av Opinion i desember, svarte 7 av 10 at våpeneksport til autoritære regimer som Saudi-Arabia og Egypt er uakseptabelt.
Storeksport
Ifølgje Changemaker eksporterte Noreg krigsmateriell for 22,9 millionar til autoritære regimer som De forente Arabiske Emirater, Oman, Qatar, Saudia-Arabia og Egypt i 2013, noko som var ei kraftig auke frå året før.
– Intensjonen i norsk eksportkontroll er at norsk krigsmateriell ikkje skal hamne i land der grunnleggjande menneskerettar ikkje vert respektert. Slik er ikkje praksisen i dag.Me håpar partia snur og syner seg ein fredsnasjon verdig, avsluttar Lindahl.