Lågare fruktbarheit i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet på nyfødde i 2014 er omlag det same som året før, men fruktbarheita blant norske kvinner er ein svak nedgang i forhold til 2013 då talet var 1,78 barn per kvinne.

Fruktbarheita har gått gradvis ned i Noreg kvart år sidan 2009 då samla tal på fruktbarheit var på 1,98. Gjennomsnittleg alder for første barn auka frå 28,6 år i 2013 til 28,7 år i 2014, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

LES OGSÅ: Men livmora mi får du aldri

Stabile menn
For menn ligg alderen stabilt på 31,3 år i snitt for første barn.

Kvinner i aldersgruppa 30– 34 er mest fruktbare, følgt av aldersgruppa 25– 29 år. Samanlikna med 2013 har fruktbarheita gått ned for kvinner under 30 år, mens den har auka noko for dei eldre. Samla tal på fruktbarheit for menn var 1,58 i 2014, ein svak nedgang frå 2013.

Islandske og svenske kvinner var dei mest fruktbare i Norden i 2013. Samla tal på fruktbarheit for Island var 1,93 tett følgt av 1,89 for Sverige. Finland hadde 1,75, mens Danmark låg sist med eit tal på fruktbarheit på 1,67.

LES OGSÅ: Tette fødslar aukar dødsrisikoen

Fleire dødfødde
Etter fleire år med nedgang i talet på dødfødde, auka talet på i 2014. Det blei då registrert 207 dødfødde i fjor, noko som er 41 fleire enn i 2013. Vi må tilbake til 2009 for å finne høgare tal på dødfødde. Trass i denne auken er talet på dødfødde lågt i historisk samanheng. Talet på dødfødde i Noreg er framleis lågt samanlikna med dei fleste andre land i Europa. (©NPK)