Kva er det med Doctor Who?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne serien har gått i 50 år

Dei kallar seg whovians, og er minst like engasjerte som beliberane til Justin Bieber. Laurdag kveld sender BBC spesialepisoden The Day of the Doctor som skal knyte saman fleire tiår av historia til den tid- og romreisande figuren som har trollbunde sjåarar over heile verda. Så stor er Doctor Who at Google markerer dagen med sin eigen Google Doodle av han. Den er allereie kåra av Mashable som den beste gjennom tidene.

LES OGSÅ: 36 millionar har sett det dei lagar

Ein whovian i Volda
Ein brite i Volda og sterkt engasjement på Facebook gjer at filmen blir vist på 15 kinoar i Noreg, inkludert Volda, Bryne og dei største byane.

– Eg har vore fan av Doctor Who heile livet, og eg syntest det var for ille at BBC Entertainment Nordic ikkje skulle ta del i serien si 50-års feiring, seier Dave King til avisa Møre. Dette fekk han til å kontakta ein tidlegare kollega i Storbritannia, Janet Cole, som hjelpte han å koma i kontakt med rette vedkommande innan BBC.

BBC har planlagt svære markeringar kringom i verda den 23. november, og juvelen i krona er den funklande nye jubileumsfilmen i 3D. Filmen har ikkje berre den noverande doktoren, Matt Smith, på rollelista, men også den føregåande skodespelaren som hadde rolla, David Tennant.

LES OGSÅ: Dette er verdas viktigaste filmar

(les meir under filmklippet)

5 milliardar år fram i tid

TV-serien starta i 1963, og sidan den gongen har 11 skodespelarar spelt rolla som Doktoren, ein tidsreisande Time Lord som nyttar romskipet TARDIS for å løyse overnaturlege og utomjordiske problem – anten det måtte bety at han dukkar opp 5 milliardar år fram i tid, eller på 1800-talets London. Serien har vakse som ein kultserie, spesielt etter at BBC plukka den opp igjen i 2005, då med Christopher Eccleston som hovudperson.

50-årsjubileet er ei opplading til den åttande sesongen av TV-serien som kjem i 2014.

LES OGSÅ:Fekk jobb etter Titanic-suksess

Matt Smith (t.h.) er førebels den siste i rekkja av 11 Doctor Who-skodespelarar.

– Uimotståeleg
Kva er det som er  så fascinerande med Doctor Who?

Dave King svarer:

– Å sjå Doctor Who på ein flimrande svart-kvit TV-skjerm er bokstaveleg talt ein av dei første minna mine. Eg sit med foreldra mine, redd, glad og trollbunden på ein gong. Det hekta meg umiddelbart, og blandinga av historier som dekker alt frå politiske parodiar til skrekkhistorier til historiske romansar og alt i mellom, gjer det heilt uimotståelig!

– Kvifor trur du det er så mange whovians rundt omkring i verda?

– Eg trur Doctor Who fungerer fordi historiene er ganske universelle: under science fiction- pynten tar det opp historier som slår ein akkord djupt i oss alle, som den aller beste litteraturen som appellerer til heile familien, ung eller gammal. Doctor Who høyrer til i den same mørke, fantastiske verda som historiene til CS Lewis og JK Rowling. Og til sjuande og sist er det eit show som gjev håp og og viser eit menneskesyn som kryssar alle barrierar av nasjonalitet.

– For oss i Noreg som ikkje var vakse opp med Doctor Who i BBC sidan 60-talet, kor viktig har Doctor Who vore?

– Doctor Who er eit kulturelt fenomen i Storbritannia , noko som gjenspeglar seg i kjærleiken for showet no i femtiårsjubileet. Det er eit show som vart oppretta ikkje for born eller for vaksne, men for heile familien å sjå saman. Doctor Who er sett av born, ungdom, foreldre og besteforeldre, og sidan eg ser familien som noko djupt rotfesta i norsk kultur som enno er viktig i dag, vil det synast å vere ideellt for eit norsk publikum. I tillegg – det er magisk, uendeleg oppfinnsamt og verkeleg kick-ass.

– Har du ein favorittsesong?

– Det er alltid vanskeleg å svara på, men viss eg verkeleg måtte velja ville det vera uavgjort mellom den klassiske 1967-sesongen med Patrick Troughton og den første sesongen av relanseringen i 2005 med Christopher Eccleston. Troughton-sesongen var full av gode monsterhistorier, inkludert den berykta invasjonen av undergrunnen i London, noko som gjorde at eg som tre år gammal i London, kika meg rundt hjørne i vekevis. 2005-sesongen er nær hjartet mitt med ei driven, modig førestelling frå Eccleston og fordi sesongen endeleg kom tilbake i retur i triumf etter å ha vorte sett på vent av BBC i seksten år.

Faktaboks

Fakta om Doctor Who:

• Doctor Who er ein britisk TV-serie produsert av BBC. Serien handlar om ein mystisk tidsreisande som kallar seg sjølv The Doctor («Doktoren»).
• Doktoren reiser i tid og rom i ei tidsmaskin, for å hjelpa andre.
• Serien er ifølgje Guinness rekordbok den science fiction-serien som har gått lengst på TV. Den er også ein viktig del av britisk populærkultur.
• I Storbritannia og andre land har serien blitt ein kultserie på linje med den amerikanske Star Trek, og har hatt stor påverknad på fleire generasjonar britiske manusforfattarar. Serien har blitt rosa av både kritikarar og publikum som eit av dei beste britiske TV-programma.

• Serien vart opphavleg vist på fjernsyn frå 1963 til 1989, då den vart sett på pause av BBC. Ein TV-film vart laga i 1996, og serien kom tilbake for fullt i mars 2005.
Kjelde: Wikipedia