Valdtektsoffer misbrukt då dei var barn

Kvart fjerde valdtektsoffer som blei registrert i fjor, har tidlegare vore offer i sedskapssaker, viser ein gjennomgang som Kripos har gjort.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Valdtektsoffer misbrukt

I fjor tok politiet imot 1.223 meldingar om valdtekt. Talet har halde seg stabilt sidan 2011, men Kripos-sjef Ketil Haukaas meiner det er grunn til å tru at det finst store mørkefall.

– Mange kvir seg for å melde ifrå om valdtekt. Dei opplever det som ei stor bør og føler at livet blir sett på vent. Det er derfor viktig å få ned tidsbruken både hos politiet og i rettsapparatet. Og dei fornærma må bli tatt vare på på ein god måte. Det kan føre til at fleire melder valdtekt, seier Haukaas til Aftenposten.

LES OGSÅ: Vil avskamme seksuelle overgrep

Viktige DNA-register
75 prosent av dei 1.020 personane som i fjor var registrert som mistenkt, sikta eller domfelt i valdtektssaker, er også registrert i andre straffesaker. Haukaas meiner dette viser kor viktig det er å registrere DNA som bevis frå andre saker, slik at valdtektssaker kan bli oppklara.

Ein gjennomgang som Kripos har gjort av 836 av dei til saman 1.223 meldingane om valdtekt i fjor, viser at fire av ti var festrelaterte. Kvar tiande var registrert som overfallsvaldtekt, og 15 prosent hamna i kategorien relasjonsvaldtekt, det vil seie mellom ektefellar, kjærastar eller partnarar.

Av dei 718 gjerningspersonane som politiet identifiserte, var 75 prosent registrert i andre straffesaker.

Vidare viser Kripos-tala at kvar fjerde av dei 836 fornærma i Kripos-gjennomgangen hadde vore ofre i andre sedskapssaker. Seks av ti av desse blei utsett for overgrep då dei var barn. (©NPK)

LES OGSÅ: 1 av 10 jenter har opplevd overgrep