Lærarkrav trass i kommunemotstand

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa lanserte skulestrategien «Lærarløftet» i fjor haust, med skjerpa kompetansekrav til alle lærarar – også dei som har undervist i mange år.

Kravet har fått hard medfart i høyringsrunden, særleg frå Kommune-Noreg. Kommunanes interesseorganisasjon KS meiner forslaget verken vil føre til fleire eller meir kvalifiserte lærarar, men er ei detaljregulering som fører til fleire problem enn ho løyser.

LES OGSÅ: Elevar utan lærarar  i framtidas skule

Betre med fordjuping
Den same motstanden møtte forgjengaren til Isaksen, Kristin Halvorsen (SV), då ho prøvde å innføre kompetansekrava i 2011. Det førte til at krava vart trekte.

Det kjem ikkje Isaksen til å gjere. Forslaget til endringar i opplæringslova går til Stortinget fredag.

Isaksen held også fast på at unntaksordninga for lærarar på ungdomstrinn med færre enn 60 elevar, skal fjernast.

– Eg meiner det ikkje er haldbart at lærarane i skulen ikkje har kompetanse i dei faga dei underviser i. Ein lærar med fordjuping blir ein betre lærar, seier Isaksen til NTB.

I dag er det berre nytilsette som blir møtt med krav om formell kompetanse for å kunne undervise i basisfaga matematikk, norsk, engelsk, samisk og teiknspråk. Kravet frå regjeringa er at alle lærarar – også dei som har undervist i faga i ei årrekkje – må på skulebenken dersom dei ikkje har formell utdanning i desse faga.

Stor lærarmangel
KS skriv i sitt høyringssvar at Isaksen er i ferd med å gape over for mykje ved å krevje kompetanseheving av alle lærarar i same tiårsperiode som han vil gjere lærarutdanninga til ein femårig mastergrad.

«De samla ambisjonane og krava (…) vil bli ein stor utfordring for skoleeiere og skoleledere», skriv KS.

Organisasjonen minner om at ifølgje framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå (SSB), så vil norske skular ha ein lærarmangel på nærare 38.000 lærarar i 2025.

Ei kartlegging frå 2014 viser at om lag 38.500 av lærarane som i dag underviser i matematikk, norsk eller engelsk ikkje oppfyller dei nye kompetansekrava. (©NPK)

LES OGSÅ: Rekordmange lærarar har søkt om etterutdanning

Faktaboks

Fakta om endringane i opplæringslova:

Regjeringa vil endre opplæringslova på fleire punkt.

Regjeringa vil krevje at alle lærarar, ikkje berre nytilsette, skal ha relevant kompetanse dersom dei skal undervise i faga matematikk, norsk, samisk og teiknspråk i barnetrinnet, og i engelsk på ungdomstrinnet.

38.500 lærarar som i dag underviser i desse faga, manglar formell kompetanse.

Regjeringa reknar med at staten må ut med mellom 0,6 og 1,1 milliardar kroner i året dei neste ti åra for å gje alle lærarar under 60 år vidareutdanning i desse faga. *Kostnadane for kommunesektoren er rekna til rundt 100 millionar kroner i året.

Regjeringa foreslår også å oppheve unntaksordninga skular med små ungdomstrinn i dag har når det gjeld krav til kompetansen til lærarane. (©NPK)