Lyrikaren og romanforfattaren Rune Christiansen vart onsdag tildelt Gyldendalprisen 2014 for sitt forfattarskap.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Prisen, som er på 400.000 kroner, blir delt ut til «særlege betydelege forfattarskap» uavhengig av forlagstilknyting.

Christiansen har gitt ut ti diktsamlingar. Den siste, «Jeg har tenkt meg til de elysiske sletter», kom i 2011. Han har også skrive fleire kritikarroste romanar, blant anna «Ensomheten i Lydia Ernemans liv» som han fekk Brageprisen for.

Gyldendalprisen vart delt ut første gong i 1997. Tidlegare prisvinnarar er blant andre Dag Solstad, Karl Ove Knausgård, Jon Fosse, Lars Amund Vaage og Thomas Espedal. (©NPK)

LES OGSÅ: Ungdommens kritikarpris til Emanuelsen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE