Ungdommens kritikarpris til Emanuelsen

Birger Emanuelsen fekk den tiande Ungdommens kritikarpris for «Fra jorden roper blodet».

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Den aller viktigaste prisen

– Det er lett å seie at dette er den aller viktigaste litteraturprisen og den forfattarane set mest pris på, nettopp fordi det er de som er i juryen, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til ungdommane i salen under utdelinga av den tiande Ungdommens kritikarpris.

LES OGSÅ: Tre av åtte nominerte er nynorske

Sømnlause lesenetter
Årets vinnar Birger Emanuelsen var utruleg takknemleg då namnet hans vart ropt opp.

Eg trur det finst to typar norsklærarar: Dei som seier at det det ikkje har noko å seie kva du les berre du les, og dei som seier at det har noko å seie kva du les. Heldigvis hadde eg sistnemnde norsklærar. Kva du les, kva du tenkjer, kva du meiner, kva du skriv og kva du gjer har noko å seie. Livet vert skapt kvar morgon og dei tinga de les, seier og gjer er med på å gjenskapa verda, sa Emanualsen til ein fullsett sal på Litteraturhuset i Oslo.

I tillegg til norsklæraren takka han både bibliotekar og foreldra si bokhylle for sitt gode møte med litteraturen, då han som mørkredd 14-åring leste Donald-pocket og romanar for å få sova.

Ungdommane sjølv tykte ikkje det var vanskeleg å kåra ein vinnar i år. Vinnarboka skapte stor begeistring i alle klassane, og får ros for godt språk og ei særskilt fangande uhyggjeleg stemning.

– Boka inviterer til meddikting, som skapar eit band mellom forfattaren og lesaren. Me kjenner oss att i hovudpersonen og relasjonane. Det er ei intens, spennande, vakker og gripande forteljing, meiner juryen.

LES OGSÅ: Den nye, gamle historia

– Ein føler seg viktig
Sidan november i fjor har 180 vidaregåandeelevar frå sju vidaregåande juryklassar lest og diskutert åtte norske skjønnlitterære vaksenbøker utgitt i 2014, som er nominert av ein kritikarjury.

Ungdommens kritikarpris er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Utdanningsforbundet, Lesesenteret i Stavanger, Norsk Kritikerlag og Den norske Forleggerforeningen, men til sjuande og sist er det ungdommen som avgjer. I storjuryen sit utvalde representantar frå dei sju juryklassane.

– Å vere med i Ungdommens kritikarpris har ført til betre miljø i klassen, kjennskap til norsk samtidslitteratur og respekt for norske forfattarar. Ein føler seg viktig fordi det er me som bestemmer og ingen andre som har innverknad på det me meiner, seier storjurymedlemmene Sunniva Olaussen ved Samisk vidaregåande skule i Karasjok og Snorre Amdal ved Dalane vidaregåande skule i Egersund.

Daglig leiar i Foreningen !les, Wanda Voldner, er stolt over korleis Ungdommens kritikarpris har utvikla seg gjennom åra og korleis det vert mottatt av lærarar og elever som deltek.

– Ungdommens kritikarpris har i løpet av ti år blitt ein av Noregs viktigaste litteraturprisar. Prisarbeidet gir elevar i den vidaregåande skulen kjennskap til ny norsk skjønnlitteratur og ei moglegheit til å lese, samtale og diskutere bøker som er nominerte av profesjonelle kritikarar. Når me spør ungdom om litteratur, får me alltid gode svar, seier Voldner. 

LES OGSÅ: Fryktar for lesetilbod for 200.000


– Denne prisen skal få fleire ungdommar til å lese, og det trur eg han gjer, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe (H).

Faktaboks

Birger Emanuelsen (fødd 1982)

Oppvaksen på Tromøya i Arendal
Debuterte med novellesamlinga «For riket er ditt» på Tiden Forlag i 2012
Tidlegare journalist i dagens Næringsliv og rådgjevar i Leger Utan Grenser
Jobbar som redaktør i Cappelen Damms dokumentaravdeling

Dei nominerte var:
Rune Christiansen:
Ensomheten i Lydia Ernemans liv
 (Oktober)
Jon Fosse:
Kveldsvævd
 (Samlaget)
Amalie Kasin Lerstang
Europa
 (Cappelen Damm)
Terje Holtet Larsen: 
Kjærlighet mellom intelligente menn
 (Oktober)
Kjersti Wøien Håland: 
Dommedøgn
 (Flamme)
Birger Emanuelsen: 
Fra jorden roper blodet
 (Tiden)
Lars Petter Sveen: 
Guds barn
 (Aschehoug)
Nils Christian Moe-Repstad: 
19 forgiftninger
 (Flamme)

Juryklassane er:
Valler vgs., 2E studiespesialisering
Os Gymnas, 3 kl. studiespesialisering
Stange vgs., 3. kl. studiespesialisering Dans/drama
Samisk vgs., Karasjok, 2. kl. studiespesialisering
Eid vgs., 3PÅA
Dalane vgs., 2ELAA
Strømmen vgs., 2. kl. elektro (automasjon)

Kjelde: Birgeremanuelsen.com, Wikipedia, Foerningen !les