Alle fitter er like fine

Unge jenter skal ikkje føla behovet for å operera kjønnsleppene sine for at dei at dei skal bli «perfekte». Kroppane våre er perfekte slik dei er frå naturen si side.

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lesarbrevet var først sendt til Bladet Sunnhordland

Ordet «fitte» er det mest brukte ordet for vårt kjønnsorgan. Me er vant til å høyra om det som eit ord på ein del av kroppen vår, men me er mest vant til å høyra det brukt som eit skjellsord om jenter og kvinner.

Test kva du kan om kvinnekampen her!

«Di jævla fitte». Fitte kan stilla seg i rekka bak andre opprinneleg positive eller nøytrale ord for kvinner og dyr av hokjønn som har blitt gjort om til skjellsord, til dømes kjerring, tispe, merr og høne.

Parolen «Alle fitter er fine» tolka me som «alle jenter er fine» frå naturen si side. Me meiner at krava samfunnet stiller til at naturlege kroppar skal gjerast om på for å passa inn i den perfekte ramma, er heilt feil. Kroppsidealet me vaks opp med og lever med er ikkje bra for oss. No må augene opnast.

LES OGSÅ: – Alle fitter er fine

Kosmetiske operasjonar av underlivet er det raskast veksande kosmetiske inngrepet, med ei auke på over 40 prosent berre i løpet av 2013. Idealet er å ha mindre indre kjønnslepper enn dei ytre, og det legg unge kvinner seg under kniven for å få. Fordi dei trur at deira kjønnsorgan er unormalt.

Kanskje det òg er årsaka til at ungdom ikkje tør å dusja nakne etter gymmen. Gutar og jenter dusjar med truse eller bikini, for at ikkje andre skal sjå på dei. Men kanskje det å sjå andre sine kjønnsorgan kan få ungdommen til å tenkja annleis?

Kvinner skal etter norma ikkje ha synlege hår under augnevippene. Fysj og fy, ho har hår på leggene, under armane og rundt trusekanten. Ser ein på håret på hovudet, må kvinner fram med fargen for å halda på ungdommen. Menn med grått hår er sexy. Kvinner med grått hår er gamle og ustelte. Berre tenk på George Clooney, og nemn eit kvinneleg sexsymbol i Hollywood med grått hår.

LES OGSÅ: Feministisk initiativ til val i Bergen og Oslo

Kva tid blei det ekkelt å la kroppen vera slik den er? Og kvifor stiller me ikkje spørsmål ved at det er det?

Unge jenter skal ikkje føla behovet for å operera kjønnsleppene sine for at dei at dei skal bli «perfekte». Kroppane våre er perfekte slik dei er frå naturen si side. Det vil me at ungdom og vaksne i dag skal forstå, og difor gjekk me bak parolen.

Kommentar: Sprengkraft frå underlivet

Me meiner at debatten i forkant og etterkant av 8. mars-toget har hatt feil fokus, og no vil me retta fokus på denne viktige saka. Me tenkjer at skulen har ein jobb å gjera her, for eksempel som ein del av naturfagundervisinga, eller for helsesøstrene. Me har vakse opp og blitt opplært av samfunnet til at me alltid kan og bør gjera noko for å bli perfekte.

Å vera perfekt som kvinnene i magasina, på TV og i filmane er alltid målet som me strebar etter, anten me vil det eller ikkje. Det er ikkje sjølvsagt at me ein gong veit om det sjølv, så innprenta er det i tankane våre. Me må vera klar over mekanismane som styrer oss for å kunna ta eit opplyst val. Me vil at ungdom og vaksne i dag skal vera opplyste om kva som skjer rundt oss. Folk seier at ingen er perfekte, men me meiner at alle er perfekte akkurat slik dei er. 

Vilde Hjertholm Lunde (29)
Kajsa Hansson (29)
Anna Sofie Ekeland Valvatne (17)
Johanne Malene Ekeland Valvatne (15)
Emma Pedersen (14)
med støtte frå Klara Sofie Ludvigsen (31)

LES OGSÅ: – Du, kjekken, blir med meg på bakrommet