Oslo-folk lite nøgde med kommunen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oslo-folk er minst nøgde

Analysen er basert på grunnlagsmateriale i Levekårsundersøkinga frå 2013 og gjennomført av økonomiprofessor Bjarne Jensen ved Høgskolen i Hedmark.

LES OGSÅ: Større kommunar skal få meir å gjere

Bra kollektivtilbod – dårleg eldreomsorg
Oslo gjer det dårlegare enn landsgjennomsnittet på alle kommunale tenester, bortsett frå kollektivtrafikk, viser analysen.

Spesielt er det eldreomsorg og helsetenester som oslofolk er misnøgde med. Dei er meir nøgde med skule, SFO og barnehagetenester.

Innbyggjarane i Oslo er også mindre fornøgde enn innbyggjarane i Trondheim, Bergen og Stavanger.

LES OGSÅ: Fleirtalet er positive til større kommunar

Store byar, store problem
Senterpartiet-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner analysen slår beina under kommunereforma, skriv Klassekampen.

– Det verkar som det er gløymt heilt i debatten om kommunesamanslåing, at det er i dei store byane at vi har dei største problema, seier Vedum.

Kvaliteten på kommunale tenester blir betre når kommunane er små og folk har nærleik til kommunen, meiner han. (©NPK)