Mobbekanalane vert stadig fleire, noko som fører til meir utryggheit og større risiko for angst hjå offera.

mm

Mobbing er ein del av kvardagen til tusenvis av norske barn, unge og vaksne.

Fleire studiar peikar på at dei som vert utsett for mobbing har betydeleg høgare risiko for å utvikla psykiske lidingar som angst og depresjon.

LES OGSÅ: Nakenbilde og mobbing på Snapchat

Alltid pålogga
På digitale plattformar finn mobbarane stadig nye kanalar som Facebook, Twitter, Snapchat, Instagram og så vidare.

No har forskarar ved Læringsmiljøsenteret i Stavanger sett nærare på konsekvensane av både digital og tradisjonell mobbing.

Forskarane tok utgangspunkt i data frå ei nasjonal nettbasert undersøking blant 3046 ungdommar i alderen 15 til 16 år ved 63 norske skular.

Konklusjonen var at det er forskjellar etter korleis mobbinga føregår.

– Me finn en sterkare samanheng mellom digital mobbing og symptom på angst, enn det er i tradisjonell mobbing, forklarar doktorgradsstipendiat Ida Risanger Sjursø til Forsking.no.

Dette har samanheng med at mobbaren kan vere anonym og nå ut til eit større publikum, noko som gjer at offeret aldri kan kjenne seg trygg – ei uvisse som kan føra til angst. 

Sjå Utdanningsdirektoratet sin kampanjevideo mot nettmobbing: 

Voksne skaper vennskap – på nett from Utdanningsdirektoratet on Vimeo.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

ANNONSE