Synnøve Marie Sætre (24) tek over trona i Norsk Målungdom. Ho er lei av å snakka om nynorsk på fest.
Faktaboks

Dette er det nye sentralstyret til Norsk Målungdom:

Synnøve Marie Sætre – leiar

Kristofer Olai Ravn Stavseng – nestleiar

Kirsti Lunde – skrivar

Fredrik Hope – økonomiansvarleg

Kine Svori – sentralstyremedlem

Hans Rasmus Glomsrud – sentralstyremedlem

LES FAKTALUKK FAKTA

Den nyvalde leiaren vart vald utan stor dramatikk under landsmøtet til Norsk Målungdom (NMU) i helga, saman med eit nytt sentralstyre. Den tidlegare skrivaren frå Ørsta vart først verkeleg engasjert i målsaka då ho flytta austover.

– Eg såg då eg flytta til Oslo at noko ikkje var som det skulle. Sjølv om eg brukar eit språk som er mindre brukt enn bokmål skal det vera like greitt å bruka begge deler. Eg kan aldri gå på ein fest utan å komma i prat om nynorsken, berre fordi eg pratar som eg gjer. Men eg har veldig lyst til at alle skal kunne bruka språket sitt som om det var det mest naturlege i verda.

LES OGSÅ: – Nynorsk er ikkje så vanskeleg

– NMU er førsteprioriteten
– Eg måtte ta nokre rundar med meg sjølv, seier den påtroppande leiaren om tankeprosessen før ho stilte til val.

– I år har eg tatt pause frå studiane, og eg var usikker på om eg kunne halda fram med permisjonen eller gå vidare. Etter å ha tenkt meg litt om og rådført meg med både Karl Peder og Vebjørn (Sture, tidlegare leiar, red.anm), så takka eg ja.

Ho har gått tre år på lektorstudiet i Oslo til no, og til hausten startar ho på Nynorsk skriftkultur i Volda for å halda fram med lektorgraden. Ho innrømmer at balansen mellom studiane og leiarvervet kan bli vanskeleg.

– Eg er litt nervøs for balansen mellom studiane og leiarvervet, men eg er veldig klar på at NMU er førsteprioriteten. Blir det for travelt trappar eg ned på studiane.

Ingen revolusjon
– Me føler alle at NMU er på ei god linje om dagen, at me får gjennomslag for mykje. Nynorsken blir synleg for fleire, og det må me halda fram med. Så politisk blir det ingen revolusjon no, seier den påtroppande leiaren om kva endringar ho skal ta med seg inn.

Eit poeng er viktig for Synnøve Marie Sætre. Ho kjem frå eit trygt nynorskområde, der lærarane alltid har gått langt for at elevane skal få oppfylt dei språklege rettane sine. Likevel er det ungdom frå akkurat slike område Synnøve Marie Sætre vil gjera meir bevisste på språket sitt.

– Ein skal jo og halda på nynorsken. Det å gjera folk trygge på språket sitt må skje før dei reiser frå dei trygge områda. I skulen må ein snakka meir om språk, og ikkje berre læra det.

Les eit større intervju med Synnøve Marie Sætre seinare denne veka!

LES OGSÅ: Fjellvettreglane – no på nynorsk!

Oppdatert: onsdag 23. august 2017 17.22

Kommentarar

ANNONSE