Amnesty-prisen til Baez og Weiwei

Den amerikanske visesongaren Joan Baez og den kinesiske kunstnaren Ai Weiwei får Amnesty Internationals menneskerettspris.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse får Amnestyprisen

Dei to kunstnarane får Amnesty International sin gjevaste menneskerettspris for sitt eksepsjonelle leiarskap i kampen for menneskerettar gjennom sitt liv og virke.

– Prisen er ei feiring av dei unike personane som har nytta talentet sitt til å inspirere mange, mange fleire til å ta urett personleg. Det er difor både Joan Baez og Ai Weiwei er så verdige mottakarar; dei er ein inspirasjon for tusenar av andre aktivistar, seier generalsekretær i Amnesty International Salil Shetty, i ei pressemelding.  

LES OGSÅ: OD-dagen 2015 til Amnesty

Amerikansk aktivisme
Amnesty understrekar at prisvinnar Baez har vigd storparten av livet sitt til ikkje-vald, borgarretts- og menneskerettsaktivisme.

Ho har demonstrert med Martin Luther King Jr., teke til orde imot dødsstraff og tortur, kritisert Vietnam-krigen, tala saka til framadarbeidarar i USA og støtta kampen for homofiles rettigheiter.

På 70-talet var Baez òg med å starta lokale Amnesty-grupper i San Fransisco, før ho i 1986 var ho blant artistane som feira organisasjonens 25-årsjubileum med ein turné.

– Eg vart engasjert i Amnesty på grunn av grunnprinsippet om at alle menneskerettsbrot og lidingane dei fører med seg er uakseptable. Eg er heldig som får vere ein del av det og er stolt over få æra av å motta denne prisen, sa Baez, då ho fekk nyheitene.

LES OGSÅ: – Justin Bieber er framtida

Fengslande kunst
Den verdskjende kinesiske kunstnaren Ai Weiwei har nytta livet og kunsten sin til å retta kritikk mot den kinesiske regjeringa sin politikk. Fleire av verka handlar om hans eiga tid i fangenskap og kinesarar sin avgrensa ytringsfridom.

Kunstnaren har vorte trakassert av myndigheitene og holdt fanga utan dom, i dag er han under overvaking og får ikkje forlata landet.

Prisen skal delast ut under ein seremoni i Berlin 21. mai, der mellom anna Patti Smith skal tala.  Det er lite truleg at Ai Weiwei får tillating av kinesiske myndigheiter til å reise til Tyskland for å motta prisen.