Legg press på små høgskular
Regjeringa vil innføre eit nytt finansieringssystem og fleire nye kvalitetskrav for høgskulane og universiteta. Det vil gjere det vanskelegare for dei minste lærestadane å fortsette åleine.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Pressar små høgskular
Onsdag legg kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) fram ei stortingsmelding om framtidig struktur i universitets- og høgskulesektoren.
Isaksen har lenge varsla at han ønskjer ei reform av sektoren for å få færre og meir fagleg sterke einingar. Men motsett av det mange venta, vil stortingsmeldinga ikkje innehalde forslag om tvangsfusjoneringar, varsla departementet førre veke.
Derimot vil ho innehalde ei lang liste med kvalitetskrav som studiestadene må måle seg mot.
LES OGSÅ: Droppar tvangssamanslåing av høgskular
Truar lærarutdanningane
Eitt av krava er at minst 50 prosent av dei tilsette må vere på doktorgradsnivå eller tilsvarande for at lærestaden skal få lov til å tilby utdanning på mastergradsnivå. Dette vil gjere det krevjande for fleire av dei 19 studiestadane som i dag tilbyr lærarutdanning når utdanninga skal gjerast om til ei femårig mastergrad frå 2017.
Ti av lærestadane ligg i dag under dette kravet, halvparten langt under.
– Når den nye lærarutdanninga kjem, så vil nok ein del av desse studiestadane slite med å framleis kunne tilby ei fullverdig lærarutdanning dersom dei ikkje gjer nokre grep, fastslår Isaksen overfor NTB.
Kor flinke institusjonen er til å rekruttere studentar, kor raskt dei klarer å få studentane gjennom studia og kor stor del dei klarer å kare til seg av europeiske og norske forskingspengar, er blant dei andre kriteria institusjonane vil bli målt mot.
– Viss vi ser at ein institusjon gjer det svakt på fleire av punkta, så blir det tydeleg at den institusjonen må gjere noko, seier Isaksen.
LES OGSÅ: Håpar å unngå høgskulefusjonar
Vil tape
Han meiner ein fusjon med sterkare einingar er den beste moglegheita dei små studiestadane har til å verke attraktive overfor studentar og tilsette framover.
Isaksen strekar samtidig under at han ikkje ønskjer å legge ned nokon studiestadar i distrikta.
– Vi er heilt avhengig av ein framleis desentralisert struktur, men vi kan ikkje ha lågare krav til utdanninga i distrikta. Ved ein fusjon kan ein sterk institusjon bidra til betre kvaliteten hos ein svakare institusjon, seier han.
Kunnskapsministeren vil også legge om finansieringssystemet slik at dei fagmiljøa som blir større eller betre, blir lønna økonomisk.
– Det betyr ikkje at vi skal kutte i budsjetta til dei andre, men vi kan ikkje få til alt samtidig, og no framover vil vi prioritere dei som går saman, strekar han under.
LES OGSÅ: – Kva er annleis med dykk?
For svake
Alle dei til saman 33 statlege høgskulane og universiteta i landet blei i fjor bedne om å vurdere kven dei kunne sjå føre seg å slå seg saman med. Så langt har ti av høgskulane og fire av universiteta teke initiativ for å starte fusjonsforhandlingar. Dersom alle desse fusjonane blir ein realitet, vil det innebere den største omorganiseringa av sektoren på mange tiår.
At institusjonane sjølve i så stor grad har teke grep, gjorde at det ikkje blei nødvendig for departementet å vurdere tvangssamanslåingar, fortel Isaksen.
– Men det er viktig å seie at for dei institusjonane som enno ikkje har funne ein partnar, så er ikkje prosessen over. Vi har vore veldig tydelege på at det er enkelte institusjonar som vi meiner er for svake til å gå vidare åleine, og då må vi jobbe vidare med dei, seier han. (©NPK)