Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) er blant lærestadane som ikkje ønsker ein fusjon. 

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Saman med høgskulane i Østfold, Hedmark, Molde og Volda, er Sogn og Fjordane den høgskulen som har stått sterkast på eit ønske om fortsette åleine.

– Vi har analysert oss fram til at det blir best utviklingskraft å ha den autonomien som ligg i å vere ein sjølvstendig institusjon. Samtidig ønskjer vi meir forpliktande samarbeid og ei arbeidsdeling med dei andre institusjonane på Vestlandet, seier Løkeland til NTB.

LES OGSÅ: Legg press på små høgskular

Ho peikar på at det er fire timars reiseveg til potensielle fusjonspartnarar frå lærestadane i Førde og Sogn.

– Det er noko ganske anna enn på Austlandet som har korte avstandar mellom lærestadane, seier ho.

– Vårt fremste fortrinn er å vere tett på både studentane, regionen og behova i dei sektorane vi utdannar til. Det er eit konkurransefortrinn, og vi er veldig lite lystne på fjernstyring og meir byråkratisering, seier ho.

Ho seier Høgskulen også er på god veg til å nå krava som vert stilte når dagens lærarutdanning skal gjerast om til ei femårig masterutdanning. (©NPK)

LES OGSÅ: Droppar tvangssamanslåing av høgskular

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE