Statoil lovar å kutte utsleppa frå olje- og gassutvinninga med 330.000 tonn i 2015.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

I sin såkalla berekraftsrapport skriv Statoil at selskapet sette seg som mål å identifisere 250.000 tonn CO2 i potensielle utsleppsinnsparingar. I staden vart det identifisert moglege innsparingar på 339.000 tonn.

LES OGSÅ: – Me bør produsera meir frå norsk industri, ikkje mindre

Målet er no å kutte utsleppa med 330.000 tonn i 2015. Samtidig skal bruken av fakling reduserast. Målet er ei halvering frå 4 tonn gass per 1.000 tonn produserte hydrokarbon i 2014 til maksimalt 2 tonn gass per 1.000 tonn produserte hydrokarbon i 2020.

I 2013 låg dei samla utsleppa av klimagassar frå olje- og gassutvinning i Noreg på 13,8 millionar tonn. Målt mot dette nivået vil dei varsla innsparingane frå Statoil i 2015 motsvare ein utsleppsreduksjon på 2,4 prosent.

Utsleppa frå olje- og gassutvinning i Noreg har auka med 79,1 prosent sidan 1990. (©NPK)

LES OGSÅ: AUF: – Oljealderen høyrer fortida til

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

ANNONSE