Ho kan bli ny Målungdom-høvding

Anders Veberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ørstingen vil ikkje ta noko på forskot – ho blir ikkje faktisk leiar av Norsk Målungdom før etter landsmøtet i helga – men ho er innstilt av valkomitéen, og det er lite truleg at nokon vil gå imot.

Derfor vil mest truleg Synnøve Marie Sætre (24) frå Ørsta ta over som ny leiar av Målungdommen.

– Det vert ei stor utfordring. Mykje ansvar, men så er eg også innstilt med eit veldig bra sentralstyre med flinke og stødige folk. Eg tykkjer det er veldig stas å få moglegheit å jobba enno meir med nynorsken.

LES OGSÅ: No får du målungdom-kondom

Stolt av språket
I helga skal også politikken til Målungdommen for det kommande året penslast ut.

– Me ventar ikkje noko dramatikk eller store endringar i politikken vår, men landsmøte er alltid spanande, seier avtroppande leiar i Målungdommen.

Mork er nøgd med året han legg bak seg.

– Me har fått til mykje bra det siste året, i det siste spesielt når det kjem til nynorsk i næringslivet. Me har fått gjennomslag for saker som er viktige for unge nynorskbrukarar. Eg er sikker på at det vil halda fram, seier den avtroppande leiaren.

Den sannsynlege etterfølgjaren, Synnøve Marie Sætre, har planar for kva som blir viktige saker for ho.

– Me må jobba for å legga til rette for meir synleg nynorsk som eit bruksspråk. Me har fått gjennomslag for mykje i det siste, med mellom anna med ferjene, hotella og Sunnmørsbadet. Det er viktig at folk kan vera stolte av nynorsken, seier Sætre, og trekk fram ei anna kjernesak.

– Eg har bakgrunn frå eit veldig sterkt nynorskområde, Ørsta. Sjølv om Målungdommen jobbar for heile landet så eg tykkjer det er viktig at også dei som bur i nynorske kjerneområde blir bevisste på språket sitt, og held på det gjennom vidaregåande og studietida.

LES OGSÅ: No legg både hotell og bad om til nynorsk