Med over 2100 deltakar ruvar Sør-Trøndelag på toppen medan Oslo med sine kring 500 er blant fylka med lågast deltaking på Ungdommens kulturmønstring, som i år feirar 30-årsjubileum.

mm
Faktaboks

Ungdommens kulturmønstring (UKM)

UKM er landets største offentlige satsing på ungdomskultur og vart først vart arrangert i Akershus i 1985

I 1986 vart Møre og Romsdal, Oppland, Aust-Agder, Rogaland og Sogn og Fjordane med

I 1987 vart mønstringa nasjonal. 11.000 deltakarar frå 264 kommunar i 17 fylker bidrog

I 1993 vart UKM fast post på statsbudsjettet

UKM er delt inn i lokalmønstringar, der deltakarar vert valt ut av dommarar og sendt vidare til fylkes- og til sist landsmønstringa, som sidan 1991 har vore arrangert i Trondheim i Sør-Trøndelag

Lokalmønstringane er opne for deltakarar frå 10-20 år, men ein må vere 13 år for å verte sendt vidare

Kjelde: Norsk Kulturråd

LES FAKTALUKK FAKTA

– UKM har heilt klart større betydning og større suksess på små plassar der det er lite folk og færre tilbod. Det handlar om at det vert ei stor hending i lokalmiljøet, forklarar Torstein Siegel, dagleg leiar i UKM Norge, som i år har 30-årsjubileum.

Festivalen er Noregs største offentlege satsing på ungdomskultur. Det er ei kulturmønstring for, av og med ungdom i alderen 10 til 20 år.

LES OGSÅ:Største kulturfestival for ungdom

Swingande tider
1985 er året då Bobbysocks erobra den store scena i Eurovision Song Contest og klatrar til topps med sine rosa paljettkostymer og låta «La Det Swinge».

Det er òg året som la grunnlaget for at tusenvis av unge lovande talent har hatt ei scene å syne seg fram på.

Dåverande fylkeskultursjef i Akershus, Lars S. Hauge, var så imponert etter å ha sett «Ungdomens konstevenemang» i Tammerfors i Finland at han tok med seg inspirasjonen heim. Slik gjekk det til at Akershus skipa ei kulturmønstring for ungdom, basert på ein finsk modell som starta allereie på 50-talet.

Dei sterke UKM-tradisjonane i Akershus kan ein sjå tydeleg på deltakartala heilt fram til i dag.

I 1986 tok Norsk Kulturråd initiativ til Ungdommens Kulturmønstring, eit prosjekt som skulle gje signal om høgare prioritering av dei yngste og forhåpentlegvis skapa ringverknadar i det lokale kulturlivet. Deltakarane som gjekk vidare frå dei seks deltakarfylka møttes til landsmønstring i Førde.

Året etter vert landsmønstringa nasjonal og 30 år seinare er det årlege kulturmønstringar i over 400 kommunar i alle landets 19 fylker.

LES OGSÅ: Ungdommen sviktar UKM

Margaret, Peder og Astrid
UKM har vore eit springbrett for fleire av Noregs fremste artistar.

Peder Losnegård, som går under artistnamnet Lido, deltok for fyrste gong på UKM i 2006. Seks år seinare fekk han Spellemannprisen Årets nykommar.

Idol-dommar og tidlegare deltakar Tone Damli Aaberge stod på UKM-scena året før Idol-eventyret starta i 2005. Den gong som frontfigur i bandet «Sogn», som spelte låta «I morgon kveld». 

Noregs beste UKM-fylke har fostra både Margaret Berger og det nye stjerneskotet Astrid Smeplass.

18-åringen frå Rennebu i Sør-Trøndelag har delteke i UKM årleg frå ho var ni år og fram til gjennombrotet med Idol-deltaking i 2013.

– UKM for meg kan skildrast med to ord: morosamt og trygt. Det er litt rart å sjå tilbake på kor lite erfaring eg hadde då, og kor langt eg har kome no. Men det syner berre at UKM er ein viktig plattform der unge talent får utvikla seg og prøvd seg fram i trygge omgivnadar, forklarar den unge artisten til VG.

Allereie i fjor var artisten attende som UKM-dommar i Rennebu.

Òg Margaret Berger, som i 2003 fekk æra av å opna heile landsmønstringa, fortel at arrangementet har vore viktig for ho i oppveksten.

–Det var eit mål å jobbe mot kvart einaste år for oss som dreiv med musikk på Hitra. Eg var med nesten kontinuerlig mellom 1997 og 2002. Som regel gjekk det kjempebra, og eitt år vart Anders Jektvik og eg sendt til Belgia for å delta på Art Connection. Ein tur som gjorde et voldsomt inntrykk på oss, og som me framleis snakkar om, fortel Berger til UKM.

I tillegg har både Odd Nordstoga, Karpe Diem, Tom Hell, Eva Weel Skram og Jaga Jazzist delteke i UKM.

LES OGSÅ:Stjernene starta i UKM

Produksjonen

Sidan 1991 har landsmønstringa vorte avvikla i Trondheim. Dei siste åra har ungdommar fått prøve seg på mediedekning og fleirkameraproduksjon under arrangementa. Foto: Marius Mandal, UKM

Indidualist-trend
I 1987 deltok kring 11.000 barn frå 17 fylker. Det talet har meir enn dobla seg, før det har vore noko tilbakegang dei siste åra.

I fjor deltok over 23.000 ungdommar på UKM, medan tala i år ligg på litt over 20.000 etter at dei fleste lokale mønstringane er unnagjort.

Det har vore ein jamn nedgang sidan toppåret 2009, då nesten 25.000 ungdommar bidrog med ulike kunstutrykk.

Dette forklarar dagleg leiar med mellom anna dobbeltregistrering og færre bandinnslag.

– Me har sett ei trend dei siste åra med færre band og fleire singer/songwriters. Det gjer at talet på personar per innslag har gått ned. Eg ser ikkje bort ifrå at dette kan kome av konsept som Idol, som set fokus på enkeltpersonar og då oftast songarar, seier Siegel, som forklarar at dei gjennom workshops prøver å stimulere ungdommane til meir samarbeid.

UKM har vorte betydeleg breiare og meir omfattande sidan starten.

Det starta med musikk, scenekunst og visuell kunst, men UKM har utvikla seg til å òg inkludere andre uttrykk. Både litteratur, teater, poledancing og furries er velkomne.

Ungdommane har òg vorte meir delaktige i å arrangera mønstringa gjennom konfransierroller og mediaproduksjon. Dei får prøva seg på sceneteknikk, journalistikk, videodokumentar, webdesign og arrangement- og festivalplanlegging. Denne utvidinga ser ut til å bidra til å halde den stadig synkande gutedelen oppe. I år stod gutane for 40 prosent av deltakinga i kulturmønstringa.

LES OGSÅ:Ungdom i UKM-kulissane

Ikkje Idol
Då Ungdommens Kulturmønstring starta hadde dei ikkje konkurranse frå tv-sendte talentshow som Idol, X-faktor, The Voice og Norske talenter. Siegel er nøgd med at dei har klart å halde stand trass i dei nye tilboda.

– Desse spelar ei anna rolle med mykje merksemd – på godt og vondt. Her er det viktig at me har litt is i magen og ikkje prøver å verte like kule som Idol. Me fokuserer på å vere ein møteplass mellom unge folk som driv med ulike sjangrar, der er me ganske åleine. Og medan andre slike konkurransar har mange taparar, er alle vinnarar hjå oss, forklarar Siegel, som fokuserer på at ungdommen skal få rom til å utvikla seg gjennom å møtast.

UKM-modellen går nemleg ut på at deltakarane vert valt ut til å gå vidare, utan at det er ein konkurranse.

–I ei verd som er stadig meir konkurranseprega og kommersiell, der utsjånad er eit mål på kor vellukka du er, der det vert fokusert på raske løysing og flaks for å verte kjendisar er det viktig å få fram at det er nyttig å møtast og øva saman, meiner Siegel.

Stjerner i lokalsamfunnet
Dagleg leiar i UKM vil ikkje måla suksessen i deltakartal og trur at UKM vil fortsetje å vere ein viktig kulturarena i lang tid framover.

–Målet er at deltakarane kjem tilbake til sine lokalmiljø med stjerner i augo fordi dei har opplevd noko stort. Kanskje tenkjer dei då at det er på tide me gjer noko i vårt lokalsamfunn og at det vert ein kultur som set seg over tid. Desse ungdommane er ambassadørar og UKM er med å forma morgondagens kulturarbeidarar, artistar og politikarar, avsluttar Siegel.

LES OGSÅ: Lærerike dagar i Trondheim

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

ANNONSE