Søkjarane strøymer til økoskule
Den tidlegare nedleggingstrua Sogn Jord- og Hagebruksskule kan melde om god rekruttering.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skulen i Aurland har allereie fått 78 søkjarar til 52 plassar, og truleg vil det kome endå fleire fram til fristen som går ut i juli, skriv Sogn Avis. Blesten som har vore rundt skulen det siste året, kan ha vore ei medverkande årsak til dei gode søkjartala, trur rektor Bjørg Fritsvold.
– I tillegg er det ein trend i tida at fleire er opptekne av mat- og matproduksjon, seier Fritsvold til avisa.
Rektoren kan også fortelje at fleire gutar enn tidlegare har søkt skuleplass ved den vidaregåande skulen i år. (©NPK)