Meiner kunst- og handverk vert nedprioritert i Lærarløftet.

Roy-Arne Folkestad
Roy-Arne Folkestad

Saka var først hos Møre-Nytt

– Lærarløftet fortel meg at politikarane framleis ikkje har forstått at det står dårleg til med kunst- og handverk. Dei held fram med å prioritere dei teoretiske faga. Eg synest mykje ser svart ut for vår del, seier Brænne til fagbladet Utdanning.

Professor i pedagogikk, Peder Haug, trur også at kunst- og handverksfaget sin status vert svekka med Lærarløftet.

– Regjeringa vil gi lærarane fleire karrierevegar i skulen, men dei vil berre gi det til enkelte faggrupper. Det vil skape eit statushierarki og føre til uro i lærarkorpset. Dei som ikkje blir prioriterte, vil føle seg mindre verdsette, seier Haug til Utdanning.

LES OGSÅ: Forlet studiebygda med kulturfestival

Bryt
Han meiner eit slikt system bryt med det forskinga har vist at gir gode resultat i skulen.

– Skular som har god kollektiv kultur, der lærarane gjensidig verdset kvarandre, dei oppnår betre resultat, erfarer Haug.

Det var i fjor haust regjeringa lanserte Lærarløftet, der dei på ny vil auke kompetansen til lærarane i teorifaga.

– No vil staten ta ein del av rekninga for vidareutdanning av lærarar, og det er innanfor dei teoretiske basisfaga, særleg matematikk, vi har størst utfordringar, seier statssekretær Birgitte Jordahl (H9 i Kunnskapsdepartementet til Utdanning.

Jordahl peikar på at ungdom som droppar ut av vidaregåande skule, ofte har låge karakterar i matematikk. Ho meiner difor dei må få eit betre grunnlag i faget frå grunnskulen.

– Meiner regjeringa at matematikk og norsk er viktigare enn kunst- og handverk?

– Det er allmenn semje om at matematikk og norsk påverkar læringa i mange andre fag på ein god måte, og vi må prioritere. Difor vil vi stase på dei grunnleggjande ferdigheitsfaga som norsk, matematikk, naturfag og engelsk. Likevel vil eg understreke at alle fag skal ha kompetente lærarar, men staten må gjere eit val, seier Jordahl.

LES OGSÅ: Blackpackers valfartar til Bergen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

Kommentarar

ANNONSE