No får du målungdom-kondom

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målungdom med kondomdugnad

– Me som kjem frå Stord og Fitjar tar ofte språket vårt for gitt. Me ser det i lokalavisa, og i kvardagen, seier Ingrid Hovstad frå Fitjar. No bur ho i Bergen, og der må ho innimellom vera med på å hjelpa medstudentar for å sikra at dei får halda eksamen på nynorsk slik alle har krav på.

– Eg opplever ikkje at eg er i den trygge nynorske festninga som eg er i på Stord, seier Svein S. Eggerud som studerer i Stavanger.

LES OGSÅ: No legg både hotell og bad om til nynorsk

– Ei myte
Mesteparten av helga har målungdomen brukt på førebuingar til landsmøtet til Norsk Målungdom.

Svein S. Eggerud har mellom anna vore med på å skriva ei fråsegn om vaksenopplæring for innvandrarar på nynorsk. For knapt eit år sidan var det ei svært aktuell sak i Stord kommune, då Komité for oppvekst og utdanning i Stord gjekk inn for å skifta frå bokmål til nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar.

– Eit viktig poeng å understreka er at det er ein myte at det ikkje finst læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar. Det er heller ikkje dyrare, seier Svein S. Eggerud.

Ingrid Hovstad er glad politikarane i Stord gjekk inn for å skifta opplæringsmålet til nynorsk for dei vaksne innvandrarane.

– For dei som har barn vil det vera merkeleg å få opplæring på bokmål når borna får opplæring i nynorsk, understrekar ho.

Landsmøtet skal òg laga eit nytt program for eit fleirspråkleg Noreg.

LES OGSÅ: Pinefull prat om sado-sex

Maria Svendsen las opp utdrag frå seksualiaen til Ivar Aasen.

Seksualiaen til Ivar Aasen
Ivar Aasen fekk seg aldri noko kone i løpet av dei 83 åra han vandra på jorda, men han klarte å laga ein eigen seksualia; ei ordliste med kjønnsrelaterte uttrykk.

– Rykta seier han hadde vore i griseprat med diktarpresten Anders Hovden på førehand, fortel Maria Svendsen frå sentralstyret i Målungdommen.

Studentmållaget i Stavanger har fått pengar frå Frifond til å laga kondomar som skal delast ut til elevar og studentar for å skapa merksemd for målsaka.

Laurdag ettermiddag var det idédugnad for kva som skal stå på kondomane. Det var ikkje så mange forslag som blei lagt fram medan bladfyken var der, men Maria Svendsen hausta åtgaum for Aasen-ordtøkjet: «Når fantestaven er vorten varm i handi, so er han ikkje god å sleppa». «Hugleik på staur» og «Ikkje få panikk» slo òg an.

– Men kvifor vil de dela ut prevensjon når målet er fleire nynorskingar?

– Me får kanskje berre dela dei ut til bokmålsfolk, kjem det kjapt.

LES OGSÅ: Denne reklamen vart for drøy for Facebook