Journalist blir klimasjef

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det melder Bergens Tidende. Lars-Henrik Paarup Michelsen er tidlegare journalist og Venstre-politikar, og tek no over roret i Norsk Klimastiftelse etter Anders Bjartnes.

LES OGSÅ: – Ikkje rart at folk har klimafiendtleg åtferd

– Me lever i ei tid der er utruleg spanande å jobba med klimasaker. Me er i ein situasjon der klimatrusselen blir stadig meir alvorleg. Samstundes påverkar denne utviklinga både internasjonal og ikkje minst norsk økonomi, seier Paarup Michelsen til BT om jobben han skal ta over.

Norsk Klimastiftelse er ei nasjonal organisasjon som har som mål å senka utsleppet av klimagassar. Den har fire tilsette og vart stifta i 2010 av Høgsterettsadvokat Pål Lorentzen. Anders Bjertnes har vore dagleg leiar sidan 2011 til i dag.

– Klimastiftinga har ein liten, men kompetent administrasjon. Me får til mykje med relativt avgrensa ressursar,  sa Pål Lorentzen då den nye leiaren vart offentleggjort.

LES OGSÅ: – Ap fortset i blind oljerus