Det meiner Utdanningsdirektoratet.

NPK-NTB
NPK-NTB

I VGs-avsløringa av rektorkontraktane i Oslo-skolen og i ein artikkel i Aftenposten torsdag, kjem det fram at utviklinga til elevane og resultata på dei nasjonale prøvane blir brukt i vurderinga av jobben som lærarar og skuleleiarar gjer.

Personvernomsyn
Men i ei fersk juridisk utgreiing som Utdanningsdirektoratet har komme med, slår ein fast at dei omstridde nasjonale prøvane og den omfattande, årlege Elevundersøkinga, ikkje kan brukast som grunnlag for lærarvurdering og lønnsdanning, skriv VG.

I notatet heiter det at opplysningane som blir samla inn, ikkje kan bli nytta til å kartleggje og evaluere lærarar på individnivå og at det vil vere i strid med lova.

Dette blir støtta av kommunikasjonsdirektør Helge Lund i Utdanningsdirektoratet.

– Det er eit grunnleggjande prinsipp i personvernretten at personopplysningar samla inn til eitt bestemt føremål, ikkje kan nyttast til andre føremål, med mindre dei registrerte samtykkjer til slik bruk, skriv Lund i ein e-post til VG.

Elevundersøkinga måler blant anna trivsel, førekomst av mobbing og bråk frå år til år i skulen. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

Kommentarar

ANNONSE