– Eg var sjukeleg overvektig

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Avisa Nordhordland.

– Eg trong hjelp, og anten måtte eg ta ein slankeoperasjon, eller så måtte eg melda meg på dette programmet. Så då eg såg reklamen for dette programmet tenkte eg; Fåkk it, eg sender inn søknad, seier Arne Waage (24) frå Fedje til avisa Nordhordland.

Måndag kveld var det premiere på slankeprogrammet The Biggest loser på TVNorge. Programmet har gått i 16 sesongar i USA, men no vert det for fyrste gong laga ein norsk versjon der tolv svært overvektige deltek. Ein av dei er altså Arne frå Fedje.

LES OGSÅ: Heile, halve Hege

– Dei var der alltid for meg
Arne byrja å legga på seg som elleveåring då han mista bestefar sin.

– Så vart det verre då eg mista farfar min seinare, fortel han.

Han var svært tett med dei begge.

– Dei var alltid der for meg og eg kunne alltid snakka med dei. Og eg kunne gå til dei om det var noko, fortel han.

Waage seier han vart mobba mykje som barn.

– Det balla på seg då eg byrja å leggja på meg. Då såg bestefar og farfar på meg om eg var lei meg, seier han.

Han har heller ikkje vore i arbeid på mange år. Etter ei arbeidsulykke i 2012, har han vore sett ut av spel.

– Eg var fedig med prøvetida mi på ein fredag. På måndagen var eg i ei arbeidsulykke og vakna opp dagen etter på Haukeland universitetssjukehus, seier han.

Han fekk fleire hundre kilo jernslagg over seg i ulykka, noko som førte til at han knakk mellom anna både rygg og hofter. Det har ført til masse tid på sofaen der han ser film og spelar TV-spel.

LES OGSÅ: Tjukk av actionfilmar

– Eg måtte ha hjelp
– Eg ser gjerne fem filmar om dagen, seier han.

Waage er 187 centimeter høg, og vog på det meste 158 kilo. Då innsåg han at noko måtte gjerast.

– Eg klarde å ta av 26 kilo, men så var det stopp og eg klarde ikkje meir. Eg måtte ha hjelp, seier han.

Det var då det stod mellom operasjon eller å blottlegga seg framføre alle på fjernsyn.

– Alle som ser deg på fjernsyn får vita alt om deg og ser deg stå der berre i shorts. Det er flaut, men om det reddar livet mitt er det verdt det, seier han.

Han nektar å seia noko som helst om korleis det har gått med han i serien. Men han legg ikkje skjul på at det har vore ei positiv oppleving.

– Programmet har redda livet mitt, seier han.

– No ser eg positivt på livet, eg ser løysingar fortare enn før, fortel han.

Trena har han og byrja å gjera.

LES OGSÅ: Trendy å ha personleg trenar

Møtte kjærleiken
– Eg har meir energi enn før og får gjort meir enn før, seier han.

Ikkje nok med det, han har møtt kjærleiken og.

– Me har kjent kvarandre lenge, men me har berre vore eit offisielt par i nokre veker, seier han.

Ikkje nok med det. No skal han snart byrja å jobba også. På eit treningsstudio av alle ting.

– Før var eg ein lat jævel. Og no skal eg byrja å jobba på eit treningsstudio. Så ja, det er ei stor endring, seier han.

Han skal jobba der på deltid framover, og komma med råd og motivera andre som trenar.

– Eg kjem nok til å vera lika nervøs på fyrste arbeidsdag der, som eg var fyrste dag me skulle på fjernsyn, seier han.

LES OGSÅ: Bygdeborn meir overvektige