Til kamp mot TV-vald

TV-seriar og filmar med 18-årsgrense skal ikkje lenger kunne visast på TV før etter klokka 23 på kvelden – om den borgarlege regjeringa får viljen sin.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Borgarleg kamp mot TV-vald

Sidan 2001 har norske TV-kanalar måtta ta omsyn til det såkalla vasskilje-prinsippet. TV-program med scenar eller innslag som kan vere skadelege for mindreåriges fysiske, psykiske og moralske utvikling skal berre sendast etter klokka 21, etter dagens regelverk. No vil kulturminister Thorhild Widvey (H) ha på plass eit gradert vasskilje, skriv Vårt Land.

LES OGSÅ: Filmsensuren fyller 100 år

Angstskapande innhald
Dagens vasskilje klokka 21 er ikkje godt nok når det gjeld den grovaste TV-valden, meiner Kulturdepartementet, som no foreslår å endre tidspunktet for når program med 18-årsgrense kan visast på fjernsyn.

– Denne typen innhald kan vere så angstskapande og skremmande for barn og unge at det kan vere grunn til å sikre at slike bileteprogram blir sende på sein kveldstid. Eldre barn er normalt framleis oppe klokka 21 og bør difor ha eit ekstra vern, påpeikar Widvey i høyringsbrevet. Program med 15-årsgrense kan framleis sendast etter klokka 21.

LES OGSÅ: Føreslår nye aldersgrenser for film

Vern av mindreårige
Forslaget kjem i utkast til ny forskrift «om beskyttelse av mindreårige mot skadelige bildeprogram».

Widvey forklarar forskrifta med at Noreg bør følgje etter andre land i Europa.

– Fleire andre land har etablert ulike former for gradert vasskilje og meiner at dette gir tenestetilbydaren større fleksibilitet med omsyn til programsetting enn eitt enkelt vasskilje klokka 21.00 gjer, seier ho.

Ser ungdom på tv?
Høyringsfristen for forslaget er 1. mai, men allereie i dag vekkjer framlegget reaksjonar frå mellom andre Venstre-politikarane Sveinung Rotevatn og Peder Lofnes Hauge, som stiller spørsmål ved om tiltaket har noko føre seg med tv-vanane til dagens ungdom: