Her er kvinnene som gjekk først
I kampen for likestilling, er det mange kvinner og menn som har gått i bresjen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Allkunne har samla eit utval artiklar om kvinner som var første kvinne på sitt felt.
Framleis er det mange kvinner som blir første kvinne på sitt felt. Lista blir derfor utvida etter kvart, presiserer det nynorske digitale oppslagsverket.
Ruth Alvsen, redaktør, journalist og forfattar, følgde i Aasmund Olavsson Vinje sine spor hundre år etter og var mellom dei første norske kvinnene som dreiv oppsøkjande reportasjejournalistikk.
Les resten av artikkelen om Ruth Alvsen.
Jenny Magdalene Arnesen, forfattar og journalist. Ho var ein av dei første kvinnelege journalistane som skreiv på nynorsk.
Les resten av artikkelen om Jenny Arnesen
Brita Josefsdotter Bjørgum var mellom dei første kvinnesakskvinnene som skreiv på nynorsk.
Les resten av artikkelen om Brita Bjørgum.
Gro Harlem Brundtland, politikar. Leiar i Arbeidarpartiet og statsminister tre gonger. Brundtland er Noregs første kvinnelege statsminister og ein av dei største politikarane Noreg har fostra.
Les resten av artikkelen om Gro Harlem Brundtland.
Ingvild Bryn, journalist og programleiar i NRK, mangeårig nyhendeanker i Dagsrevyen som har gjort ein solid innsats for nynorsk i media.
Les resten av artikkelen om Ingvild Bryn.
Olea Styhr Crøger var ein av dei første som samla folkeviser og anna tradisjonsstoff ved det nasjonale gjennombrotet. Mannlege konkurrentar hausta æra.
Les resten av artikkelen om Olea Crøger.
Kristin Halvorsen, stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti frå Oslo, markant partileiar i SV i 15 år og kunnskaps- og forskingsminister i Noreg. I 2005 blei ho den første kvinnelege finansministeren i Noreg.
Les resten av artikkelen om Kristin Halvorsen.
Eva Kolstad, revisor og politikar, det første likestillingsombodet i Noreg og i verda, og ei drivkraft i likestillingspolitikken i store delar av det 20. hundreåret.
Les resten av artikkelen om Eva Kolstad
Rosemarie Köhn, fødd 1939, er teolog. Ho vart den første kvinnelege rektor ved Det praktisk-teologiske seminaret ved Universitetet i Oslo og Noregs første kvinnelege biskop.
Les resten av artikkelen om Rosemarie Köhn.
Evy Risa Kvamsdal, teolog og prest. Ho var den første kvinnelege prosten i Møre bispedøme.
Les resten av artikkelen om Evy Risa Kvamsdal.
Solveig Steinnes Lone var den første kvinnelege journalisten i Gula Tidend. Ho var særleg engasjert i kvinnespørsmål, målsak og naturvern.
Les resten av artikkelen om Solveig Steinnes Lone.
Sigrun Okkenhaug var forfattar og bondekvinne med lokalpolitisk engasjement. Ho var ei av dei første som skreiv kvinne- og barnelitteratur på nynorsk.
Les resten av artikkelen om Sigrun Okkenhaug.
Synnøve Riste, målkvinne og redaktør. Ho var ei av dei første kvinnene i norsk presse som skreiv nynorsk, og ho vikla seg inn i eit trekantdrama som fekk kulturhistoriske følgjer.
Les resten av artikkelen om Synnøve Riste.
Anna G. Rogstad var lærarinne og politikar, engasjert i utdanning og stemmerett for kvinner. Ho var den første norske kvinna på Stortinget – i 1911.
Les resten av artikkelen om Anna Rogstad.
Arnhild Johanna Skre, journalist og forfattar, er historikar av fag og skreiv sjølv historie då ho som første kvinne blei redaktør i vekeavisa Dag og Tid i 1990.
Les resten av artikkelen om Arnhild Skre.
Nikka Vonen, døypt Nicoline Marie Vonen, skulestyrar og folkeminnesamlar. Ho dreiv pensjonatskule i Fjaler i 38 år, skreiv ned folkeminne og folkeskildringar og var den første kvinna i Vestmannalaget.
Les resten av artikkelen om Nikka Vonen.