Fleire vurderer nynorskovergang

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målungdommen kunne notera to gode sigrar i dag, etter at både Sunnmørsbadet i Herøy og Thon Hotel Jølster på Skei bestemte seg for å gå over til nynorsk profilering etter å ha fått kritikk for å visa seg fram på bokmål.

– Dette er eg sjølvsagt veldig nøgd med, sa leiar i Målungdommen, Karl Peder Mork til Framtida.no då han kommenterte sigeren.

– Me håpar desse vil vera gode førebilete i tida som kjem, slik at me slepp å gå rundt med peikefingeren og vera sure heila tida. Det tener ingen på, la han til.

No har allereie fleire institusjonar blitt påverka.

LES OGSÅ: No legg både hotell og bad om til nynorsk

Hotell i nynorskland
Thon Hotel i Fosnavåg vurderer no å gjera ei liknande overgang, melder Nærnett.

– Me er ikkje slik at me absolutt ikkje skal gjera det, men me har ein del praktiske ting som må fiksast før me kan gå vekk frå bokmål. Me har mellom anna ein felles nettplattform med resten av hotellkjeda, og denne er jo på bokmål, seier direktør Gunther Dahler.

Thon Hotel Fosnavåg er i same kjede som Thon Hotel Jølster, så det skal ikkje vera umogleg at også dei kan gå over til ei nynorsk løysing.

Sterkare identitet
Herøy og Sunnmøre Mållag har tidlegare gått ut og bedd Thon Hotel Fosnavåg om å bruka nynorsk.

Blant argumenta deira var at hotellet burde vera eit godt førebilete for andre i same bransje. Dessutan meinte mållaga at ein tydeleg nynorsk-profil ville styrka profilen til hotellet som ligg i eit sterkt nynorsk-område.

LES OGSÅ:Målungdommen får nynorskferje