KrF gjer kjempehopp – Frp stuper

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KrF går opp, FrP stuper

I ei fersk meiningsmåling som Norstat har laga for Vårt Land, fell Framstegspartiet heile 2,1 prosentpoeng frå 12,1 til 10 prosent oppslutning. Kristeleg Folkeparti går ikkje fram like mykje som Frp fell, men aukar med solide 1,2 prosentpoeng til 6,4 prosent.

LES OGSÅ: Joda, nokon kjem unna politikken

Målinga vart gjort ei snau veke etter at Sandberg uttalte at KrF har eit ansvar for at menneske frå Noreg knyter seg til terrororganisasjonar. Sandberg sa onsdag at han hadde handla litt i affekt.

Arbeidarpartiet held posisjonen som det suverent største partiet i landet på målinga og får endå ein gong godt over 40 prosent oppslutning. Jonas Gahr Støres parti fell rett nok 0,8 prosentpoeng, men ligg trygt plassert på 41,6 prosent. Partiet er dermed eit snautt prosentpoeng mindre enn alle dei fire borgarlege partia til saman.

LES OGSÅ: Vil reservere seg mot Sandberg

Venstre går fram 0,1 prosentpoeng til 5,1 prosent, medan Høgre legg på seg 0,2 prosentpoeng og får ei oppslutning på 21 prosent.

Sosialistisk Venstreparti kryp over sperregrensa med ein oppgang på 0,5 prosentpoeng til 4,1 prosent. Senterpartiet gjer det endå sterkare og hamnar på 5,8 prosent etter ein oppgang på 0,7 prosentpoeng.

Raudt går fram 0,4 til 1,1, medan Miljøpartiet Dei Grøne misser 1,5 prosentpoeng og fell under sperregrensa på målinga til 3,5 prosent oppslutning. Andre parti og grupper går fram 1,3 prosentpoeng til 1,8 prosent. (©NPK)

Les Are Kalvø sitt tøyseintervju med Per Sanberg

Faktaboks

Dette var oppslutninga til partia i Vårt Land si meiningsmåling, i prosent:

SV: 4,1

Ap: 41,6

Sp: 5,8

KrF: 6,4

V: 5,1

H: 21

Frp: 10

Raudt: 1,1

Miljøpartiet Dei Grøne: 3,1

Andre: 1,8