Joda, nokon kjem unna politikken

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Litt som ein vikarlærar?

Dette blogginnlegget var først på Popsikkel, og er publisert hos oss med løyve frå forfattaren.

Det er så mykje eg ikkje kan om politikk

Gjennom 30 år har eg greid å suse gjennom livet utan å få naudsynt innsikt i organisasjonsliv, nominasjonsprosessar, høringsnotat, kvotering og votering.

Eg mangla interessa, miljøet og kanskje nøden som gjer at ein får ei politisk oppvåkning. Dessutan er det ofte passande å skylde på skulesystemet når ein har vesentlige manglar, og i mi skuletid måtte eg velge mellom samfunnsfag og bed.øk. Eg valde sistnevnte og måtte bale med begrepet «eignelut» i to år istadenfor å lære det eg trur kunne tent ein gnist og gjort meg til ein meir oppegåande samfunnsborgar.

LES OGSÅ: Slik byrja asylbarn-saka

Prøvde rett nok å skjerpe meg ein keisam EDB-time på vidaregåande og sendte innmeldingsskjema til både Unge Høgre og mållaget. Ingen av dei kom tilbake til meg (!!!), og eg tenker ofte på korleis livet ville vore om eg vart plukka opp av noko sånn når eg var på mitt mest identitetssøkande. I staden måtte eg jåle meg med andre ting, og tilbrakte mykje tid saman med Beastie Boys-bookleten og kan i dag heile teksten til Body Movin. Også kan eg åpne ei glassflaskeøl på ein dørkarm.

Det var eit slags liv det òg. Neida, køddar, det var kjempekult og titusenmillionar gongar betre enn å bruke helger på organisasjonsarbeid og skrive dritkjedelige kronikkar til Si;D i Aftenposten. HAHA NERDS.

LES OGSÅ: Aftenposten vart styrt av ungdom

Neida. Joda. Men nei. Det er ikkje lov å sei sånt lenger. Tidsanda har dratt i frå meg. Hadde eg vore ung i dag ville eg blitt kjeppjaga  av mine jamnaldrande til ein passande manuell arbeidsplass og blitt fratatt penn og tastatur og ilagt ytringsforbud. Du får ikkje seie noko, du er for dum.

Ikkje så urimeleg, i og for seg.

Men no tilhøyrer eg ikkje Dagens Unge, så reglane om høg utdanning og stort samfunnsengasjement gjeld ikkje for meg.

LES OGSÅ: Kven bryr seg om sametinget?

For jepp, eg manglar engasjement. Med manglande innsikt, kjem manglande engasjement.

Eller, eg har engasjement på eit vis, det er bare ein dum og ubrukeleg variant. Eg liker best politikarane sånn som eg liker hitlistemusikk. Kjapt og enkelt, og først og fremst som diskusjonstema. Har du høyrt nye Sandra Lyng-songen, har du kjøpt Taylor Swift, har du høyrt kven som er ny justisminister! Eg kan rope til radioen under politisk kvarter, og har stor interesse for konseptet Kygo og kunstinstallasjonen Tine Sundtoft, men det betyr ikkje at eg har ork til å LYTTE til det eller bruke fritida mi på det. Eller gå i tog for dei (med mindre det kjens som eit instagramvennleg viktig event, som kvinnetoget ifjor eller Miley Cyrus på Fornebu).

Eg prøver å opparbeide meg innsikt og litt engasjement, men det er utruleg halvhjerta. Det er som om eg har politisk dysleksi. Eg stemmer ved valet, men taper nesten alltid. Og sjølv om eg vinn skjer aldri det som partiet sa skulle skje. Eg har ikkje ork, tålmod eller hjerne  til å forstå spelet. Det er nok av dei same grunnane eg alltid fell av Paradise Hotel halvvegs i april. Det vert for innfløkt. For mykje strategi, for lite og uklar gevinst.

Og kampsakene mine er av den ytterst flaue sorten, ja til ting som høyres fornuftig og fjerne ut. Ja til vern av Lofoten, syriske flyktningar og fedrekvote. Men samstundes, eit stort rungande ja til dieselbil(en min) i byen. Dritlang permisjon for mor. Og heilt ærleg, det som verkeleg får meg til å fyre opp er mangelen på barnehageplassar i bydel Alna.

LES OGSÅ: Operasjon latterleggjering

Heldigvis har eg veldig mange opplyste venner, og eg prøver så godt eg kan å lytte til og kopiere deira standpunkt. Problemet er at dei alle har denne 40-åring-med-bakgrunn-frå-steinerskulen-på-Oslo-vest approachen og seier sånn «på den eine sida ja, men på den andre sida nei» når alt eg vil ha er eit kort og godt svar på Ola Borten Moe, hot or not? Også har dei lange resonnemenet som gjer at eg mister konsentrasjonen undervegs og står like uopplyst igjen etter samtalen.

Men sidan desse og veldig mange andre verker til å ha stålkontroll på politiske prosessar kan det kanskje vere nyttig å vite litt om korleis oss intetvitande gjøkar oppfattar styresmaktene, to år etter regjeringsskiftet. (Det er sånn me tenker, me i vår generasjon. Me kan ingenting, men me har då noko me skulle sagt, me og! #demokrati)

LES OGSÅ: La han bli! Pliiis!

Eit ord: Vikarlærar.

Den blå-blå regjeringa kjennest som å ha vikarlærar.

Fyrst var det sånn. Hurra, vikarlærar! Ja, eg er vikar, men eg er faktisk sjefen dykkar no. Jeje, you keep telling yourselves that tenker me og fortsett med vårt. Teiknar i skuledagboka (ein slags analog smarttelefon, red anm), preikar og sender lapper.

Vikaren klappar i hendene og vil markere seg. Vise at hei hei, dykk har faktisk fått ein lærar i rommet. Eg er her og eg er grei. Me kan få til dette saman. Eg vil leie dykk til eksamen, til gode resultat og ei god framtid!

Han vil fange merksemda vår. Bli venner med oss. Så han seier utetime. Kanonball. Segway. Lakrispiper og film i naturfagen. Alle er med. God stemning!

LES OGSÅ: Rumpeldunk eller cheerleading?

Men så. Vikaren vil etterkvart ha gjort ting. Type ordentlige ting. Det som står i læreplanen.

Det går ikkje. Buuu! Folk nektar, ser ein annan veg, rotar med papirer, gøymer brev, klarar ikkje oversetje frå afghansk, streikar, spelar musikk høgt i timen og syns alt læraren seier er utruuuuleg teit og alt er heilt på styr.

Denne oppførsla gjer at ingenting skjer, ingen lærer noko, men det er litt gøy likevel. For no gjenstår det berre ein ting.

Få vikaren til å gå.

Helst på gangen og grine.

LES OGSÅ: Redd Barna: – Inhumant og kynisk

Det er gøy, då skjer det noko historisk og håndfast som FAU kan ta opp.

Og alle veit at ein vikar som griner er ein sjukemeldt vikar, og iløpet av to-tre veker står det ein ny person framme på tavla og prøver å få folk til å følge med.

Ein ny leiar som skal lose oss fram til gode resultat, for at me skal få den framtida som er best for oss.

Og det er berre ein måte han kan fange vår merksmed:

Hei alle saman! UTETIME!

LES OGSÅ: Ta den, regjeringa!