– Det er utruleg mykje ubrukt potensial i festivalane, meiner Håkon Vatle, festivalsjef for Stordfest og bransjetreffet 100 dagar.

mm

Noreg er full av festivalar, men graden av profesjonalisering varierer stort. Det same gjeld levealderen på festivalane. Og svært sjeldan er festivalane forankra i offentlege planar.

Under bransjetreffet i slutten av februar diskuterte festivalsjefar frå 20 festivalar på Vestlandet kva som skal til for å sikra framtida for festivalane.

Håkon Vatle meiner fylkeskommunane bør utvikla ein eigen festivalpolitikk.

– Det treng ein for å sikra kontinuitet for festivalane, seier han.

– Det er eit stadig krav til profesjonalisering, og trong for eit breitt samarbeid mellom det offentlege og næringslivet, seier Vatle. Han meiner at det særleg for reiselivet er mykje ubrukt potensiale i festivalane. 

Dette viser også rapporten Festivalkommunar – samhandling mellom kommunar og festivalar frå Distriktssenteret.

– For mange kommunar, særleg i distrikta, er festivalane heilt klart ein uutnytta ressurs i profileringsarbeidet, sa direktør i Distriktssenteret, Halvor Holmli då han la fram rapporten for tre år sidan.

Studien syner òg at kommunal velvilje overfor festivalarrangørane er særleg viktig i oppstartsåra. Kommunen har ei viktig rolle som praktisk og teknisk tilretteleggjar og støttespelar. Det vil seia at kommunen tek over for beredskap og tryggleik, hjelper til med formalitetar, lover, regelverk, tilskot og stimulerer til samarbeid med andre arrangørar. Enno står det mykje igjen.

LES SAKA: – Bruk festivalane meir!

Håkon Vatle trur òg festivalane har mykje å vinna på samarbeid med kvarandre, både for å skapa eit fagleg miljø, og for å få betre prisar frå leverandørar.

Frå venstre: Håkon Vatle i 100 dagar og Stordfest, Trude Storheim i Vossajazz, Tysnes-ordførar Kjetil Hestad og fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti under debatt på 100 dagar.

Ingen eigen festivalpott
– Me har ikkje ein eigen festivalpolitikk i Hordaland, vedgår fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti i Hordaland. Ho stilte i debatt om temaet på 100 dagar.

Men ho meiner fylkeskommunen har fleire satsingar som er relevante for festivalane, og nemner blant anna satsing på kultur og næring. Fylkeskommunen har heller ikkje ein eigen pott til festivalar, men det er mogleg for festivalane å søkja på kulturmidlar.

– For oss er det viktig at regionale midlar skal ha verknad ut over det lokale, presiserer ho.

LES OGSÅ: Noregs mest eksklusive festival?

– Treng langsiktige rammer
Håkon Vatle meiner det er trong for å setja opp nokre kriterium for festivalstøtte.

– Eg vågar ikkje heilt å seia kva, men det er klart at trygg økonomi over tid er viktig. Markant posisjon i lokalsamfunnet og kunstnarisk verdi er òg viktig, seier han.

Han meiner festivalane treng meir langsiktige rammer.

– Ein bør helst ha eit tre- til femårig perspektiv. Det krev ekstremt mykje å sikra midlar. Lengre avtalar gir styrke til å utvikla festivalane kunstarisk.

LES OGSÅ: Knutepunktstøtta under lupa

Kjende seg motarbeidd
Toffen Gunnufsen var med på å grunnlegga Hovefestivalen i Arendal og blei kjent som bookingsjef for den store Quartfestivalen i Kristiansand.

I haust gjekk Gunnufsen ut i Dagbladet og kritiserte Arendal kommune for å motarbeida Hovefestivalen.

– Du treng nokon som har sverdet for deg i kommunen. I Kristiansand hadde me ein ordførar og rådmannen som syntest Quartfestivalen var spennande. Men me blei ein politisk kasteball etter kvart. Det same skjedde i Arendal, seier Gunnufsen no.

Han meiner ein festival bør han ein horisont på 3-6 år.

– I Arendal blei det ein kamp år for år, og uhaldbart i lengda, seier han.

LES OGSÅ: Oljedominans i festival-Noreg

Festivalsjefane Toffen Gunnufsen og Sigvard Madsen er samde om at det er viktig å ha støtte frå lokalpolitikarane.

Vanvittig vekst
Tysnesfest har hatt ein vanvitig vekst sidan starten i 2007 då dei selde 2400 billettar. Sju år seinare selde dei 23000 billettar.

– Kor langt perspektiv har du for Tysnesfest?

– Eg skal no leva ei stund, seier festivalleiar Sigvard Madsen. Då dei byrja hadde dei ikkje handlingsplan. No prøver dei å tenkja ut korleis festivalen skal bli etter 10 år.

– Festivalen vil leva så lenge samfunnet vil, seier Madsen. Han skryt av eit veldig godt samarbeid med kommunen som forpliktar seg til å støtta festivalen for tre år av gongen.

– Me er veldig stolte over festivalen, og har lyst til å vera ein viktig medspelar for festivalen, seier ordførar Kjetil Hestad.

Han er òg leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland som er eit regionråd for åtte kommunar. Regionrådet har enno ikkje hatt eigne diskusjonar om kva kommunane samla kan gjera for festivalane. Han lovar no at festival-Sunnhordland skal bli eit eige tema for eit møte i regionrådet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

Kommentarar

ANNONSE