Kjartan er «Årets pøbel»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er utruleg stort. Eg vart skikkeleg overraska. Me jobbar med å skapa ein aktiv og inkluderande skulekvardag for 300.000 born, og det er ei ære å bli sett pris på, sa Kjartan Eide til NRK under prisutdelinga i går kveld.

Prisen, som vart delt ut av Eddi Eidsvåg i Pøbelprosjektet under det årlege pøbelseminaret, går til personar som står på for samfunnets “pøblar” og gjer ein unik innsats for ungdom som er i ferd med å falla utanfor.

Kjartan Eide vart først kjent for det norske folk som halvparten av humorduoen Kjetil og Kjartan, med eige humorshow på TV2.

Seinare har han brukt energien sin på å betre skulekvardagen for barn både i Norge, Sverige, Danmark og på Island.

LES OGSÅ: Eddi Eidsvåg får Harry Hole-pris

50.000 prisvinnarar
Trivselsprogrammet dekkjer alle Noregs fylker og er i bruk på over 1000 skular i Norden.

Trivselsleder har som mål å auke aktivitet og trivsel blant born i grunnskulen. I programmet får elevane sjølv jobben som trivselsleiarar. Desse har ansvar for å setje i gong leikar og aktivitetar der alle vert inkludert. Trivselsleiaren sjølv må vere hundre prosent mobbefri.

Målsettinga er å få slutt på mobbing, gjennom aktivisering og inkludering på skuleplassen.

– Trivselsleder er for meg det beste antimobbeprogrammet som finst, utan å vere det. Trivselsleder er eit program som motverkar mobbing, utan i det heile tatt å nemne ordet mobbing, sa gründer og pøbelideolog, Eddi Eidsvåg før prisutdelinga.

Juryen skildrar programmet som ein kjempesuksess i skulen og hyllar Kjartan Eide for si enorme skaparkraft.

Under utdelinga dedikerte Kjartan Eide prisen til alle dei 50.000 trivselsleiarane som jobbar for å gjere skulemiljøet betre.

– Me satsar på gode verdiar som empati, inkludering, vennlegheit og respekt som en motsats til mobbing og baksnakking, forklarar Eide.

LES OGSÅ: Gutar taklar mobbing med idrett

Ungdomsfokus
Trivselsleder samarbeidar med Kronprinsparets Fond, og vil i tida framover fokusere enno meir på ungdomstrinnet.

Programmet har informasjon både på nynorsk og bokmål.

Faktaboks

Desse var nominert til Årets Pøbel:

• Ingeborg Lykseth, Lyk-z & døtre

• Nicolay Ludvigsen, Pøbelprosjektet

• Terje Vallestad, Cafe Sting/Pøbelscene

• Kjartan Eide, Trivselsleder

• Johan H. Andresen, Ferd SE