Hallingane vil ha nynorsk i avisa si

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går fram av ei gransking Opinion har gjort for Hallingdølen. Dei har gjennomført ei spørjeundersøking der 887 lesarar er spurde om kva dei meiner om språket i avisa.

TEST DEG SJØLV: Kan du svalla halling?

Berre 7 prosent er negative og 32 prosent stiller seg nøytrale i spørsmålet om språk, medan 54 prosent er positive til nynorsk i Hallingdølen.

– Gledeleg at nynorsk står så sterkt. Eg kan vel seie såpass at det er lite aktuelt for oss å skifte målform, seier Bjarne Tormodsgard, redaktør i Hallingdølen, i ein kommentar til si eiga avis.

Også i Noregs Mållag er gleda stor over resultatet.

– Dette er strålande. Sett i lys av debattane i Hallingdal er dette gode tal, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, når ho får høyre tala.

Ho legg vekt på at for målrørsla er avisa Hallingdølen svært viktig.

– Hallingdølen bidreg til å vise fram nynorsk. For nynorsk i Hallingdal er avisa viktig, seier ho. (©NPK)

LES OGSÅ: – Det finst nokre menneske som har fleire moglegheiter enn meg. Dei kan skrive nynorsk